Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Alexandra Hotell
Dato: 20.10.2005
 

Årsmøtet vart i år halde på Alexandra Hotell den 21.10.05. Det møtte 18 medlemmar. Årsmøte var i år utsett til oktober månad. Dette på grunn av det store arrangementet rundt generalforsamlinga i NBLF som gjekk av stabelen i Florø i april. I samband med årsmøte var det brukarmøte og representantskapsmøte for alarmsentralen, informasjon frå Sivilforsvaret og fylkesmannen si beredskapsavdeling.

Sak nr. 1. Åpning:
Leiaren i brannbefalslaget Leif Amundsen åpna årsmøtet og ynskte medlemmane velkomne. Det var i år 15 –års jubileum for SFBL som var stifta i 1990. Bjørn Bakkhaug som var med å starta laget, var spesielt invitert.

Sak nr. 2. Val av dirigent:
Arne Hauge vart vald som dirigent. Einar Holmøy og Petter Roset vart valde til å skrive under protokollen. Runar Kleppe vart vald som referent.

Sak nr. 3 Årsmelding:
Leiar Leif Amundsen gjekk gjennom årsmeldinga.

Det var ikkje merknader til årsmeldinga.

Sak nr. 4. Rekneskap:
Kasserar Jarle Dragesæt la fram rekneskap for året 2004. Rekneskapet viste ein balanse på kr. 196.241,- , som ga eit underskot på kr. 15.240. Underskotet skuldast ein del møtevirksomhet og utgifter i samband med planlegging av generalforsamling 2005

Rekneskapen vert godkjent.

Jarle la og fram budsjett for år 2005. Balanse er på kr. 871.000,- og det er rekna med eit overskot på kr. 101.000,-

Budsjettet vart teke til etteretning.

Sak nr, 5. Innkomne saker:
Det var ikkje kome inn saker for handsaming på årsmøtet. Drifta av ”Gjensidige-hengaren” vart drøfta. Dei som hadde nytta hengaren hadde positive tilbakemeldingar, men det bør lagast ein køyreplan og ein instruks for hengaren.

Årsmøteprotokoll 21.10.05, side 2

Sak nr. 6. Val:
Arne Hauge la fram valnemnda sitt forslag til styre. Alle i styret har vore spurde.

Forslaget er gjenval av sitjande styre.

Valnemnda sitt framlegg:
Leiar Leif Amundsen Florø til år 2007
Nestleiar Håkon Dyrstad Bremanger til år 2006
Kasserar Jarle Drageset Stryn til år 2007
Sekretær Runar Kleppe Gloppen til år 2007
Styremedlem Arvid Gilje Aurland til år 2006
Varamedlem Per Grov Fjordbase til år 2006
Varamedlem Bjørn Anders Steinsund Jølster til år 2006

Medlemmane i styret vert valt for 2 år om gangen for å få kontiunitet i styret. Varamedlemmane vert valt for 1 år om gangen.

Val:
1. Håkon Dyrstad og Arvid Gilje er ikkje på val i år. Resten av styret vert valde for 2 nye år.
2. Varamedlemane Per Grov og Bjørn Anders Steinsund vert vald for 1 år.
 
Arne Hauge ynskjer avløysing frå valnemnda. Styret har føreslege Einar Holmøy frå Gloppen som nytt medlem i valnemnda. Det kom ikkje andre framlegg til endring av valnemnd:
Leif Otto Olsen Førde
Per Martin Berglund Vik
Einar Holmøy Gloppen
Valnemnda må konstituere seg sjølve.
Årsmøtet godkjenner valnemd.
Framlegg til attval av revisorar:
Arvid Valland Sogndal
Einar Nedrelo Sogndal
Årsmøtet godkjenner styret sitt framlegg.
 
Einar Holmøy - Petter Roset
 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann