Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Førde
Dato: 02.02.2006
 

Møtedato:           

02.02.2006

 

Stad:                     

Rica Sunnfjord Hotell, Førde.

 

Desse møtte:
Leif Amundsen, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Arvid Gilje, Håkon Dyrstad og Per Grov
 
Bjørn Anders Steinsund var forhindra frå  å møte.

 

 

Sak nr. 01/06      Årsmøte.

Lokalisering av årsmøte vart drøfta. Det er eit tidlegare styrevedtak som seier at årsmøte skal fordelast på regionane. Denne gangen er det Sogn sin tur. Siste årsmøte som vart halde i Sogn vart halde i Balestrand. Det vart vidare drøfta om ein skulle legge årsmøte inntil ei helg slik praksis har vore, eller om skulle prøve å legge arrangementet til midtveke. Arvid Gilje la fram forslag om at styret drøfta  tema  som laget ville ta opp i år, og deretter bestemte tid og sted for årsmøte og fagkonferansar.

 

Arvid Gilje hadde desse forslaga til emne:

¨       ROS-analyse for brannvesen/systematisk tilsyn

¨       Ny arbeidsmiljølov

¨       Internkontrollforskriften

¨       Beredskapsplaner

Han meinte det var viktig å ha fleire tema og meinte det då kom meir folk.

Vedtak:

Årsmøte vert halde på Sogndal Hotell 31. mars – 1.april 2006.

Hovudtema vert farleg gods. Jarle og Håkon lagar eit forslag til program. Ein må prøve å få med Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand. Håkon tek kontakt med Bleken i DSB, ein må vidare ha kontakt med Eivind Ask . Oljevernutvalet har ein hengar med ein god del utstyr ståande i Sogndal.

Leif tek kontakt med utstillarar.

Arvid Gilje tek kontakt med 110-sentralen om ka tid dei må ha til årsmøte evt. brukarmøte

 

Sak nr. 02/06      Brannvern for 6.-klassingar.

Bjørn Volstad, Petter Roset og Steinar Frøyland frå Gjensidige presenterte eit opplegg som dei har laga for 6.-klassingane i Hordaland.. Undersøkningar har vist at det er dette alderstrinnet som er mest motakeleg for slik informasjon. Gjensidige ser for seg eit samarbeid med brannbefalslaget, der sløkkjehengaren er med på runda rundt om i fylket. Meininga er at alle dei 26 kommunane i fylket skal få tilbod om opplæringsmidlar og at brannvesena rundt omkring i kommunane skal gjennomføre øvingane

Vedtak:

Frøyland sender over ny prosodyre for den nye Tyssevogna.  Det må haldast eit seminar der alle brannsjefane får informasjon om opplegget. Petter Roset, Steinar Frøyland og Arvid Gilje i befalslaget lagar eit opplegg for dette.

 
Sak nr. 03/06      Sprinklerseminar 2006.

Det vart drøfta om sprinklerseminaret kunne utsettast til hausten. Etter telefonsamtale til Narve Helle som skal ha dette seminaret vart det klarlagt at dette opplegget skulle vere ferdig før ferien.

Vedtak:

Sprinklerseminaret vert avvikla som planlagt den 30. mai. Seminaret vert flytta til Skei Hotell.

 

 

Runar Kleppe

Sekretær

-sign-

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann