Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Sogndal
Dato: 31.03.2006
 

Årsmøtet vart i år halde på Sogndal Hotell den 31.03.06. Det møtte 19 medlemmar. I samband med årsmøte vart halde seminar med hovudtema ”farleg gods”

 

Sak nr. 1. Åpning:

Leiaren i brannbefalslaget Leif Amundsen åpna årsmøtet og ynskte medlemmane velkomne. Det var i år 16 årsmøte i SFBL som var stifta i 1990.

 

Sak nr. 2. Val av dirigent:

Arne Hauge vart vald som dirigent. Magne Igland og Per Otto Selstad vart valde til å skrive under protokollen. Runar Kleppe var referent.

 

Sak nr. 3 Årsmelding:

Leiar Leif Amundsen gjekk gjennom årsmeldinga.

 

Det kom merknad frå salen om setninga: Rekneskap for 2005 viser eit overskot på kr. 69.363,-. Sidan rekneskapet ikkje var handsama burde denne setninga strykast

 

Årsmøte vedtok å stryke denne setninga. Det var ikkje andre merknader og årsmøte godkjente årsmeldinga med denne merknaden.

 

Sak nr. 4. Rekneskap:

Kasserar Jarle Dragesæt la fram rekneskap for året 2005. Rekneskapet viste ein balanse på kr. 883.285,- , som ga eit overskot på kr. 69.363,-.

 

Jarle la og fram budsjett for år 2006. Balanse er på kr. 133.000,- og det er rekna med eit overskot på kr. 28.000,-

 

Rekneskapet og budsjettet vart godkjent

 

Sak nr. 5. Innkomne saker:

Det var ikkje kome inn saker for handsaming på årsmøtet. Arvid viste til dei 2 generalforsamlingane som laget har arrangert og fremma ein visjon om at laget kunne burde søke om arrangementet i år 2011. Salen applauderte til forslaget.

 

Leif Otto Olsen ba om at tilsynspersonell sjekka godkjenninga til dei som hadde godkjenning for kontroll av sløkkjeutstyr. Desse godkjenningane gjeld berre i 5 år.

 

Sak nr. 6. Val:

Leif Otto Olsen la fram valnemnda sitt forslag til styre. Håkon Dyrstad og Bjørn Anders Steinsund har takka nei til attval.

 

Valnemnda sitt framlegg:

 

Leiar Leif Amundsen, Florø - til år 2007

Nestleiar Bernhard Øberg, Førde - til år 2008

Kasserar Jarle Drageset, Stryn - til år 2007

Sekretær Runar Kleppe, Gloppen - til år 2007

Styremedlem Arvid Gilje, Aurland - til år 2008

Varamedlem Per Grov, Fjordbase - til år 2007

Varamedlem Magne Igland, Florø - til år 2007

 

Medlemmane i styret vert valt for 2 år om gangen for å få kontiunitet i styret. Varamedlemmane vert valt for 1 år om gangen.

 

Val:

                        Årsmøtet godkjenner valnenda sitt forslag til styre.

 

Valnemnd:

Per Martin Berglund ynskjer avløysing frå valnemnda. Styret har føreslege Håkon Dyrstd frå Bremanger som nytt medlem i valnemnda. Det kom ikkje andre framlegg til endring av valnemnd:

         Leif Otto Olsen, Førde

Håkon Dyrstad, Bremanger

         Einar Holmøy, Gloppen

 

Valnemnda må konstituere seg sjølve.

 

Revisor:

Arvid Valland har takka nei til attval som revisor

 

Framlegg til av revisorar:

         Agnar Kveane, Luster

         Einar Nedrelo, Sogndal

 

Årsmøte godkjenner revisorar.

 

 

 

Magne Igland                                                                     Per Otto Selstad

      sign.                                                                                         sign.

 

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann