Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Skei hotell
Dato: 14.05.2007
 

PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG

 

Møtedato:           

14.05.07

 

Stad:                     

Skei Hotell

 

Desse møtte:       

Leif Amundsen, Bernhard Øberg  Jarle Dragesæt, Agnar Kveane, Runar Kleppe, Magne Igland, 
Arvid Gilje

 

Sak nr. 10/07      Refusjonskrav ved utrykning.

Gloppen har sendt refusjonskrav på ei unødig utrykning til vegvesenet. Det som hende var at ein stein fall ned på eit pulverapparat og løyste ut alarmen. Styret drøfta nokre spørsmål som dei meinte burde avklarast:

¨       Skal Alarmsentralen trekkast inn?

¨       Skal det fakturerast for gjentatte utrykningar?

¨       Skal tunnellar handsamast på same måten som bustadalarmar?

Vedtak:

Brannbefalslaget ber om eit møte med vegvesenet. Berhard og Runar utarbeider dette og sender kopi til resten av styret og alarmsentralen. Dersom ein får til eit slikt møte bør ein kanskje ta med ein person frå kvar region.

 

Sak nr. 11/07      Representasjon i feiarforeininga:

Brannbefalslaget var med å stifta feiarforeininga. Det vart då valt ein representant som skulle vere bindeleddet med SFBL. Leif Otto Olsen har vore denne kontaktpersonen.

Vedtak:

Feiarforeininga fungerer godt etter 10 år, og styret ser ikkje at det er naudsynt at SFBL er representert i feiarforeininga lenger

 

 

Sak nr.  12/07.    Organisering av SFBL:

Det har vore eit spørsmål korleis laget burde vore registrert. Jarle har hatt kontakt med styret i NBLF og bedt om tilbakemelding. Mange firma som får rekning frå SFBL vi ha registreringsnummer. Slik nummer har vi ikkje i dag.

Vedtak:

Styret avventar for å høyre kva NBLF seier om saka.

 

Sak nr. 13/07      Styremøter, antall, økonomi:

Det vart drøfta økonomien i samband med styremøte, antall møter og om varamedlemmane skulle møte fast på møta.

Vedtak:

¨       Agnar formulerer eit brev til kommunane om løyve til å reise på styremøte og at reiserekninga til denne kunne dekkast kommunane som medlemmen kjem frå.

¨       Det vert lagt opp til ca. 4 styremøter pr. år.

¨       Inntil vidare møter varamedlemmane på styremøta.

 

Sak nr. 14/07      Refusjon av utlegg i regi av SFBL:

Bernhard la fram forslag til refusjon av utlegg i regi av SFBL. Saka vart drøfta, men mange innspel gjer at eit utset sak no.

Vedtak:

Forslaget vert teke til orientering. Saka vert teke opp att på eit seinare styremøte.

 

Sak nr. 14/07      Framtidsvyer:

 

¨       Det kom forslag om å søkje om å få arrangere generalforsamling for NBLF i 2013.

¨       Det bør settast ned ein komite for å arbeide med jubileumshandbok.

¨       Dersom ønskjeleg kan Arvid bidra med brannvernleiarkurs.

Vedtak:

Teke til etterretning.

 

Sak nr. 15/07      Reiserekning:

Kasserar har motteke reiserekning frå Arvid Gilje for reiser i regi av SFBL. Rekninga skriv seg heilt tibake frå 2004 og er så stor at det vil merkast på rekneskapet for året. Fram til 2007 er det kr. 36.000,-.

Vedtak:

Saka vert utsett.

 

 

Runar Kleppe

Sekretær

-sign-

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann