Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Sunnfjord Hotel
Dato: 20.06.2008
 

Desse møtte:       

Leif Amundsen, Bernhard Øberg , Runar Kleppe, Magne Igland, Agnar Kveane, Inge Steinheim

 

Arvid Gilje kunne ikkje møte. Leiaren ynskte velkomen Inge Steinheim som er ny varamedlem til styret.

 

Sak nr. 10/08      Valkomite.

Håkon Dyrstad har sakt seg villeg til å fortsette i valnemnda.

Vedtak:

Magne snakkar med Per Otto Selstad og eventuellt Edvin Bøtun. Agnar snakkar med Asle Skalle og Jonny Skjerping om dei 2 neste plassane.

 

Sak nr. 11/08      Kurs:

Håkon Dyrstad har sakt frå seg arbeidet med brannvernleiarkurset. Rødt/grønt kurset som Leif Otto Olsen er ansvarleg for har kravd mykje oppdatering siste året. Kurset vil truleg ha eit større overskot neste år.

 

NBLF anbefalar at SFBL får sit eige org. nummer.

Vedtak:

Arvid Gilje vert beden om å køyre brannvernleiarkurs i regi av laget, og vil ha tilbakemelding på dette og kva betingelsar han ynskjer. Bernhard undersøkjer med jurist om korleis registrere laget i Brønnøysund. Agnar får tak  i registreringssjema.

 

Sak nr.  12/08.    NBLF og samarbeidet med Gjensidige:

Bernhard har vore i møte med Gjensidige. Gjensidige ynskjer tilbakemelding på opplegget med 6-klasse prosjektet og eldreprosjektet. Nordfjord vil få nytte sløkkjehengaren til Møre og Romsdal som har 2 slike.

Vedtak:

Brannbefalslaget kan ikkje skrive under avtale som bedt kommunane. Laget kan berre oppmode og legge til rette for at prosjekta vert oppfølgde.

 

Sak nr. 13/08      Årsmøte 2009:

Leif har henta inn prisar frå Alexandra Hotel og Sognefjord Hotel på Leikanger.

Vedtak:

Styret arbeider mot å arrangere årsmøte på Sognefjord Hotel 7. – 10. mai 2009

 

Sak nr. 14/08      Felles tilsyn – Arbeidstilsynet/El/Brann:

I møte der Magne, Leif Otto, Arvid Haukareid og Arbeidstilsynet var til stades kom desse momenta fram:

·         Arbeidstilsynet har plikt til å sjå på felles database for å få mest mogleg samordna tilsyn.

·         Var opptekne av eksplosjonsfarar.

·         Arbeidstilsynet har pengar som skal nyttast til info, kurs, seminar og div.

Aktuelle tema er:

·         Risikoanalyse

·         Eksplosjonssikring

·         Plan- og bygningslova

Vedtak:

Kalle inn representant for Arbeidstilsynet på neste styremøte for å planlegge felles arrangement.

 

 

 

Runar Kleppe

Sekretær

-sign-

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
12.09. Brannforebyggende ...
27.09. BRANN & REDNING 20...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann