Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Sognefjord
Dato: 08.05.2009
 

PROTOKOLL FOR ÅRSMØTE.

 

Årsmøtet vart i år halde på Sognefjord Hotell den 08.05.09. Det møtte 18 medlemmar. I samband med årsmøte vart halde seminar med hovudtema brann i eldrebustader og funksjonshemming i forhold til brann.

 

Sak nr. 1. Åpning:

Leiaren i brannbefalslaget Leif Amundsen åpna årsmøtet og ynskte medlemmane velkomne. Det var i år 19. årsmøte i SFBL, som var stifta i 1990.

 

Sak nr. 2. Val av dirigent:

Bernhard Øberg vart vald som dirigent. Per Otto Selstad og Bjørn Anders Steinsund vart valde til å skrive under protokollen. Runar Kleppe var referent.

 

Sak nr. 3 Årsmelding:

Leiar Leif Amundsen gjekk gjennom årsmeldinga.

Det var ikkje merknader til årsmeldinga.

 

Sak nr. 4. Rekneskap:

Kasserar Agnar Kveane la fram rekneskap for året 2008. Rekneskapet viste ein balanse på kr. 161 279,- , som ga eit overkot på nær kr. 21 000,-.

Summen på kr.22 500,- er eit tilskot frå Gjensidige til vedlikehald og kjøp av nye øvingsapparat til øvingshengaren. Revisor hadde ein merknad til at styret måtte vere merksam på at kurset laget arrangerte i kontroll og vedlikehald av sløkkjeutstyr gjekk i underskot. Utan om dette var det ikkje merknad frå revisor.

Vedtak:

Rekneskapet vart godkjent

 

Sak nr, 5. Reiserekning:

Handsaming i 2008:

Styret mottok reiserekning frå eit styremedlem på kr. 35.000,-. Denne strekker seg tilbake til 2004 og er i hovudsak for reiser i regi av brannbefalslaget. Styret vurderte dette som ei vanskeleg sak, då det har innvirkning på tidlegare rekneskap, som er godkjende, og beslutta derfor å legge dette fram for årsmøtet. Styret har i sak 23/07 vedteke å legge fram saka for årsmøte med ei tilråding på å dekke kr. 30.000,-. På grunn av seinare innspel i saka drøfta styret saka igjen på møtet den 4/4-07 og kom til at ei alternativ innstilling kunne vere eit kompromiss om å dekke kr, 16.000,-. Arvid Gilje gjekk frå som ugild. Årsmøtet drøfta saka og valde å stemme over eit forslag om å dekke kr. 16.000,-.

Årsmøtet vedtok i 2008 å ikkje dekke noko av denne rekninga.

 

Ny handsaming: Det er bedt om ny handsaming av saka.

Styret handsama saka på ny 7/7-09, og konkluderte med at det ikkje vesentlege nye moment i saka, men at den vert å legge fram for årsmøtet på ny, med same tilråding. Det vart orientert om saka på årsmøtet. Det kom forslag frå salen om å dekke 50% av kravet.

Vedtak:

Det vart stemt over forslaget om å dekke 50 %. Dette fekk 4 stemmer. Forrige årsmøtevedtak om å ikkje dekke denne rekninga vert dermed ståande.

 

Sak nr. 6 . Budsjett

Det var lagt fram budsjett for 2009 som viste ei inntektside på kr. 85 000,- og ei utgiftside på kr. 105 000,-. Styret la fram dette budsjettet utan at det var rekna med inntekter frå kurs eller fagdagar som kunne gje inntekt. Det kom fram under drøftinga at det var behov både for brannvernleiarkurs og fagdag. Dette må styret arbeide vidare med. I styret sitt framlegg heiter det at styret skal ha fokus på å gjere underskotet minst mogleg.

Vedtak:

Årsmøtet godkjenner budsjettet.

 

Sak nr. 7 Innkomne saker:

Det var ikkje kome saker for handsaming.

 

Sak nr. 8. Val:

Det var 2 styremedlemmer som har bedt om avløysing i styret. Dette var leiar Leif Amundsen og sekretær Runar Kleppe.

 

Håkon Dyrstad la fram valnemnda sitt forslag til styre.

 

Valnemnda sitt framlegg:

 

Leiar Bernhard Øberg Førde til år 2010

Nestleiar Magne Igland Florø til år 2011

Kasserar Agnar Kveane Luster til år 2011

Sekretær Bjørn Anders Steinsund Jølster til år 2011

Styremedlem Arvid Gilje Aurland     til år 2010

Varamedlem Inge Steinhaug Øvre Årdal til år 2010

Varamedlem Kim Hjelle Vågsøy til år 2010

 

Medlemmane i styret vert valt for 2 år om gangen for å få kontiunitet i styret. Varamedlemmane vert valt for 1 år om gangen.

 

Val:

Årsmøtet godkjenner valnemnda sitt forslag til styre.

 

Valnemnd:

Styret oppnemner ny valnemnd.

 

Revisor:

Åge Skrede Balestrand

Einar Nedrelo Sogndal

Årsmøte godkjenner revisorar.

 

Per Otto Selstad                                   Bjørn Anders Steinsund

      sign.                                                          sign.

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
27.09. BRANN & REDNING 20...
NOVEMBER 2018
06.11. Nordic Conference ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann