Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Møre og Romsdal
Sted: Vestnes Fjordhotell
Dato: 14.03.2013
 

Stad:

Vestnes Fjordhotell.

 

Agenda

·         Presentasjon av utstillarar

·         Erfaringar frå industrivernpliktige bedrifter med ny funksjonsbasert forskrift. Har det styrket eller svekket industrivernet?

·         Lunsj (ball)

·         Korleis samhandlar Industrivern og brannvesen. Erfaringar frå Sunndal brannvesen og Hydro.

·         Erfaringar med tilsyn av farleg stoff.

 

Avtroppande leiar Trygve Lennavik ynskja alle velkomne, og spesielt til utstillarar og foredragshaldarar. Førtiein personar var med under medlemsmøtet, og dette var medlemmar av MRBL. I tillegg var det foredragshaldarar og utstellarar.

 

Presentasjon av utstillarar

Kvar enkelt utstillar fekk nokre minutt til å presentere seg sjølv, firmaet og nokon prata litt om enkelte produkt.

·         Dräger v/Tron Flenstad informerte om

o   Ny hjelm.

·         TESS v/Arne Bakkedal prata om

o   Tre medarbeidarar som var med Bakkedal på deira stand

o   110 avdelingar i Noreg, og seksten i Møre og Romsdal

o   Ein ny dress – og dei er interessert i kommentarar til den før den setjast i produksjon.

·         Wenaas 112 v/ Are Karlsen hadde følgjande nyhende

o   Ny overbefalsdress, som består av jakke og bukse.

·         Egenes Brannteknikk as v/Kåre Kristiansen presenterte

o   Redningsverkty og arbeidslamper som er batteridrivne.

·         Aak Safety v/Leif Magne prata om

o   Urban redning

o   Eigensikring

o   Evakueringsløysingar

·         Albert E. Olsen måtte melde fråfall grunna sjukdom.

 

Erfaringar frå industrivernpliktige bedrifter med ny funksjonsbasert forskrift. Har det styrka eller svekka industrivernet?

Bjørn Egil Jacobsen frå NSO hadde foredraget. Følgjande emne var ein del av foredraget:

·         Innleiing - NSO som er 75 år i år

·         Gamal forskrift har detaljskildringar, men ny forskrift har funksjonsskildringar

·         NSO er den einaste instansen som forvaltar «Sivilbeskyttelseslova»

o   Tek til å vende seg til ny funksjonsforskrift

o   Størst motbør har vore at det er valfritt for industrivernet på kva det skal bestå av. Men det har også vore positive tilbakemeldingar, som «tillit om å ta eigne vurderingar og ansvar»

·         Om NSO, kor det var vist organisasjonskart, og linjer mot Justisdepartementet (JD) og DSB, samt NHO

o   NSO er ikkje eit direktorat, men svarer mot DSB (kommunikasjonslinje)

o   Industrivern representerer ein vesentleg del av beredskap

·         Forskrift om industrivern, og Jacobsen prata om følgjande emne i forskrifta:

o   § 1 – føremålsvedtaket (skal utføre ROS, og dimensjonering etter denne)

o   Forskjellen mellom kap. 2 (dei fleste bedriftene) og kap. 3 (høgrisikobedrifter)

o   Kap. 2 – Grunnleggande krav. OBS! Brannvesen kan kalle ut industrivernet

o   Kap. 3 – Registrert 450 bedrifter. SSB har oversikt over kven som skal eller er i kap. 3 (tips – bruk næringskoder)

o   Risikovurdering og sakshandsaming

o   Industrivernleiar sine oppgåver og ansvar

§  Endringar – har administrative oppgåver og ikkje operative, men kan sitje i stab

§  Er ikkje lenger industrivernleiarkurs hjå NSO, men det er framleis innsatsleiarkurs. Private aktørar har framleis industrivernleiarkurs

§  Kap. 2 – ikkje naudsynt med innsatsleiar

o   Krav til beredskap

o   Varsling – krav til rutinar

o   Ståande ordre. Tips: kort og små huskelappar som er levert til tilsette i industrivern

o   Tiltakskort, kor OBBO er sentral

o   Personleg verneutstyr

o   Utstyr som kan vere i eit industrivern (bilar, back-board, slangar, røykdykkarutstyr, m.m.)

o   Røykdykkarar og kjemikaliedykkarar

§  Ein kan oppleve at kjentmann går inn aleine. Det er viktig å gjere avtale med industrivernet om rutinar med kjentmann.

§  For røykdykkarar i industrivern skal rettleiaren til DSB verte følgd

o   Det kom inn innspel om samordna tilsyn:

§  NSO går tilsyn kvart femte år

§  NSO kan verte betre å invitere brannvesen

§  NSO er flinke til å bruke FTD (felles tilsynsdatabase)

§  NSO køyrer aksjonar på hausten.

o   Markering og merking

§  Har det same systemet som naudetatane har

o   Organisering, spesielt for kap. 3

§  Redningsstab

§  Ordens- og sikringsteneste

o   Kvalifikasjonar – avhenger av kva som kan skje i verksemda

o   Systematisk styring – PUSH (Planlegge – Utføre – Evaluere – Følgje opp)

o   Om vidare informasjon og hjelp kan ein sjå på heimesida til NSO. Nedlastingar er gratis

·         Korleis kan vi verte betre

o   Forventingar til bedriftene

o   Forventingar til brannvesen

o   Finne ut korleis kan vi styrke samarbeid og beredskap lokalt

·         Slutning – Ny forskrift vil med stor sannsyn gjere industrivern betre og meir tilpassa risikoane som er i ein bedrift.

 

 

Lunsj (ball)

Som vanleg på ein torsdag vart det servert ball, men det var fire typar ball. Kvitfiskball, saltfiskball, blandaball og den gode gamle sorten potetball.

 

Korleis samhandlar Industrivern og brannvesen. Erfaringar frå Sunndal brannvesen og Hydro

Terje Erstad frå Hydro Sunndal og Steinar Hauglum frå Sunndal brannvesen hadde foredraget, og følgjande emne var i foredraget:

·         Om Hydro Sunndal og Sunndal kommune

·         Utstyr i industrivernet

·         Ansvar- og oppgåvefordeling ved innsats

·         Varslingsskjema

·         Roller (fabrikksjefen ved kritiske hendingar og stadfortredar)

·         Stasjonar (Hydro Sunndal og kommunalt brannvesen)

·         Akutt forureining

·         Telleplasser (skilt og handbøker) – øving kvart andre år

·         Organisasjonskart over Hydro Sunndal – industrivernet

·         Indre ressursar – bilar, båt, hengjar, lenser, kommunikasjonsutstyr m.m.

·         Eksterne ressursar

·         Samarbeid med naudetatar – eigen avtale

·         Oppretta eit prosjekt om samordning av beredskapstenester i Sunndal

o   Konklusjon vart at dei framleis skal ha to ulike einingar.

·         Kvalitetssikring – dataverktysystem

·         Planverk: vert laga før veke 3 påstarta år

·         Bilete av:

o   Samøvingar

o   Oljevernsamarbeid

o   Branner og andre hendingar

·         Risikoanalyse, kor 461 hendingar var funnet, har resultert i at dei

o   Får nå ned tapsestimatet

o   Gjev informasjon til innbyggjarar i Sunndal kommune.

 

Erfaringar med tilsyn av farlege stoff

Jon Børge Horneland frå Molde brannvesen hadde foredrag. Han hadde med følgjande tema:

·         Hovudtrekk i forskrift om handtering av farleg stoff

o   Hjartesukk: Forskrifta skulle ha vore forenkla, men i staden har det vore laga fleire temarettleiarar

o   Føremål og kva stoff som gjeld for forskrifta. Unntaket er eksplosivar som er handsama i eigen forskrift.

o   Virkeområde

o   Innmeldingsplikt – det skal ikkje lenger verte gjeve løyve for oppbevaring

o   Risikovurdering

o   Beredskapsplikt

o   Krav til aktsemd

o   Bueiningar og garasje/bod har det same krav som før

o   Serveringsstader – brannfarleg gass skal ut i praksis

o   For kompetansekrav – sjå ulike rettleiarar til ulike nivå

o   Kontroll

o   Akkreditering

o    Tilsynsmyndet/brannvesen skal utføre tilsyn der DSB utførte før, men DSB har framleis nokre større objekt

o   Reaksjonsmidlar.

·         Erfaringar i Molde

o   Førtiein tilsyn i Molde, Misund og Eide

o   Brukte FAST-anlegg/system som basis for oversikt

o   Det var avvik hjå alle tilsynsobjekt.

 

 

Ulsteinvik, 02.04.13

 

William B. Ekeli

referent

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
12.09. Brannforebyggende ...
27.09. BRANN & REDNING 20...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann