Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Førde
Dato: 08.01.2004
 

Møtedato: Torsdag 08.01.2004

Stad: Rica Sunnfjord Hotell, Førde.

Desse møtte: Leif Amundsen, Arvid Gilje Håkon Dyrstad, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe og Jan Petter Øren frå Kommunal kompetanse.

Sak nr. 1
Avtale med Gjensidige NOR.

Hengaren er no for det meste klar. Innreiinga er på plass og det er kjøpt inn jakker, hjelmar og støvlar ( 2 sett ). Gjensidige NOR v/Roset har lagt fram forslag til avtale med SFBL for bruk av hengaren. Avtalen bygger på den sentrale avtalen.
Vedtak: Sogn og Fjordane Brannbefalslag godkjenner avtalen..

Sak nr. 2
Opplæringsbrannvesen i Sogn og Fjordane.

Utdanningsforskrifta legg opptil at sivilforsvaret, i tillegg til nokre få større brannvesen sine anlegg, kan nyttast til praksisveka. SFBL protesterer på dette og krev at Sogn og Fjordane får godkjent minst eit utdanningsanlegg.
Vedtak: Håkon Dyrstad og Arvid Gilje utarbeider eit skriv og sender til DSB med kopi til brannskulen og NBLF.

Sak nr. 3 Årsmøte 2004.
Årsmøte skal haldast på Rica Sunnfjord Hotell 25. – 28. mars 2004. Tema for seminardelen skal vere:
- Samarbeid mellom kommunalt brannvesen og industrivern
- Ny veiledning til førebyggande forskrift.
Vedtak: Leif og Per tek kontakt med NSO om tema. Håkon tek kontakt med Høyanger og Årdal. Arvid tek kontakt med DSB, BE om forelesere. Programmet vert endeleg oppsett på neste styremøte.

Sak nr.4 Hurtigfrigjering.
Kurs i hurtigfrigjering er eit svært aktuellt tema. Luftambulansen sitt tilbod har vi ikkje fått noko tilbakemelding på. Brannmesteren i Førde har stillt spørsmål om det er aktuellt for brannbefalslaget å drive slik kursing og kanskje utdanne instruktør.
Vedtak: SFBL vil ikkje prioritere kurs av denne typen.

Sak nr.5 Generalforsamling 2005
Det er tidlegare bestemt at SFBL skal halde generalforsamling i Florø i 21. – 24. april 2005. Det er avklara at begge hotella samarbeider og at Viktoria Hotell tek mot bestilling for begge. Det vert sendt fellesrekning til SFBL som må krevje inn pengar frå dei påmeldte.
Vedtak: Det må arbeidast jamnt med program og opplegg for generalforsamling no framover..

Sak nr. 6 Jubileum for NBLF 2004.
Det er tidlegar vedteke å sende leiaren og nestleiaren som utsending til 25. –års jubileet i Oslo 19. mars. 2004. Det var stilt spørsmål om vi skulle sende 1 representant til og kanskje då Arvid Gilje som har vore med å starta laget vårt og han er no medlem av valkomiteen i landsrådet. Nestleiar reiser i regi av NBLF.
Vedtak: Det vart vedteke med 3 mot 2 røyster å sende 1 representant til. Arvid Gilje reiser. Det vert sett eit tak på kr. 5.000,- for dekking av kostnader.

Sak nr.7 Møteplan for styret.
Det var sett fram forslag om utarbeiding av møteplan for styre.
Vedtak: Saka vart utsett til neste styremøte.

Sak nr.8 Heimesider.
NBLF oppfordrar sterkt kretslaga til å nytte heimesidene og til å utforme sine eigne.

Sak nr 9 Evaluering av temadagar.
Jan Petter Øren frå kommunal kompetanse i Førde, var til stades og orienterte om deira evaluering av temadagane som vart halde på Skei 3. –4. desember 2003. Det var veldig gode tilbakemeldingar på dette seminaret. I ein skala frå 1 til 5 låg tilbakemeldingane frå deltakarane på godt over 4.

Neste styremøte Torsdag 29. januar.
Møtet slutt

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann