Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Rogaland
Sted: Kvernavik
Dato: 21.10.2004
 

Møte starta med synfaring på Kvernavik brannstasjon.
Forfall: Audun Matre og Anne Hjort.
Rolf helsa velkommen - kort orientering kva har rørt på seg innafor RBL sidan møte på Finnøy.
Inge Grødem forlet møte kl.12.15 p.g.a. gravferd.

Sakliste:

Sak nr.20.3.04 Referat frå styremøte på Finnøy
Saksopplysningar: Referat er utsendt frå sekretær.
Vedtak: Ingen merknader.

Sak nr.21.3.04 Info til og frå kasserar
Vedtak: Rolf og Inge orienterte om problem med post som fortset kjem til Kjellaug Michelsen. DNB og DSB har fått irettesettelse frå Rolf og nye adresser er pr. dato i orden

Sak nr.22.3.04. Medlemsmøte - Fysiske krav til røykdykkeren
Saksopplysning: Medlemsmøte blir ikkje gjennomført etter styrets årsplan, grunna store problem med å få kontakt med Axel Wannag i arbeidstilsynet.
Kontakt er nå oppretta med Wannag, både pr. tlf. og på E-mail.
Møteansvarlege har komme fram til at dette møte har høg prioritet, og må gjennomførast, derfor har møteansvarlege meddelt Wannag at han stilles fritt til å komma med forslag til møtedato.
Vidare framdrift / info frå møteansvarlege – Rolf og Svein.
Vedtak: Positiv attendemelding frå Wannag. Møte dato 14.12.04. Møteansverlege arbeider vidare med saka.

Sak nr.23.3.04. Innsatsledarkurs.
Saksopplysningar: Det er komme ein del muntlege henvendelser/diskusjonar ang. påmelding til Innsatsledarkurs. Dette går på hensynet til økonomi og tidsbruken på grunnkurset som årsak  til noko laber interesse for påmelding.
Kursutvalget (ved Rolf) forslår utsending av eit spørjeskjema til fylkets deltidsbrannvesen der me prøver å leggja fram fleire alternativ for gjennomføring etc. - før me gjer noko meir med bestilling av kursstad.
Rolf vil informera meir om dette i møte.
Vedtak: Spørje- og infoskjema er utsendt, kursutvalget avventar svar frå kommunane før ein arbeidar vidare med saka.

Sak.nr.24.3.04. Øvelesesvogn.
Saksopplysningar: Til nå har det vore lita interesse for bruk av vogna. Det er planlagt å få laga ein folder med informasjon som kan sendast ut til aktuelle brukarar.
Info frå Svein om saka i møte.
Vedtak: Svein orienterte omkring problemet med å få leiga ut øv.vogna. Vogna er så enkel at dei fleste har det same utstyret i sin kommune. Folder må innhalda ei positiv vinkling i forhold til miljø. Svein held kontakt med Gjensidige v/Kåre om saka.

Sak.nr.25.3.04. Aksjon boligbrann 2004.10.15
Saksopplysning: Forberedelsar er starta sjå  www.nblf.no
Sekretæren vil gå gjennom referatet etter møte den 10.12.03 der dette var oppe som sak nr.6.
Vedtak: Rolf orienterte om skriv som NBLF v/ Trygve Lennavik har sendt ut. Dette skriv inneheld ein del av dei momenta som var oppe på RBL`s møte i des. 03. Styremedlemmene i RBL støttar aksjonen, og vil anbefala alle berørte partar å delta i aksjonen.

Sak nr.26.3.04. Forenkling og effektivisering av nødmeldingstjenesten – et nødnummer.
Saksopplysningar: Rapport frå studiebesøk i Sverige, Finland og Danmark. (sendt på E-mail til styrets medlemmer.)
NBLF`s høyringsuttalelse – sjå  www.nblf.no
Vedtak: RBL`s styre tar skriv frå NBLF v/Guttorm Liebe til orientering.

Sak.nr.27.3.04. DSB seminar den 02.11.04.
Saksopplysningar: Pr.dato ca.100 påmelde. Innledning på seminaret utføres av person frå forbundsstyret.
Me må ta eit besøk av hotellet og gjera oss kjente der, vidare må me fordela oppgåver til seminardagen.
Rolf og Oddvar reiser sannsynlegvis ned kvelden i forvegen.
Vedtak: Anne Hjort held opning/innledning på seminaret. Rolf Sandslett er møteleiar. Audun Matre og Svein Myklebust foretar registrering før møtestart.
Rolf og Oddvar reiser ned kvelden i forvegen, rom er bestilt. Alle møter seinast kl.08.00 om morgonen den 02.11.04.

Sak nr.28.3.04. Eventuelt
1. Brev frå HBL om seminar i Bergen.
2. Kommentar til sak 56. NBLF styremøte i Florø, relasjon til andre arrangementeter og foreiningar.
3. Elevorganisasjonen HSH.
4. Innspel frå Inge Grødem omkring vårt forhold til arkivar.
Vedtak: 1. Saka tas til orientering.
             2. Saka kjem opp på neste ordinære styremøte i RBL.
             3. Rolf held kontakt med e.o. HSH.
             4. Sekretær tar kontakt med Geir Nilsen om sakspapira frå styre fram til d.d. vert ettersendt, og gjer avtale om at framtidige papirer vert sendt fortløpande.
Geir Nilsen vert invitert til julemøte .


Rolf B Sandslett                                                  Oddvar Krakk
Leiar                                                                         Sekretær

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann