Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Skei hotel
Dato: 16.06.2005
 

Møtedato:
16.06.2005
 
Stad:
Skei Hotell.
 
Desse møtte:
Leif Amundsen,, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Bjørn Anders Steinsund, Leif Otto Olsen, Magne Igland, Håkon Dyrstad, Bernhard Øberg,

Arvid Gilje og Per Grov var forhindra frå å møte.

Sak nr. 05/05 Evaluering ”Generalforsamling 2005.”
Bernhard og Bjørn som hadde møteleiinga av seminardelen var stort sett nøgde. Det kunne vore ei litt ryddigare avslutning. Denne vart litt kort. Tilbakemeldingane frå utstillerane er gode. Dei hadde fått den hjelp dei trenkte. Magne som hadde ansvaret for plassering av utstillerane fekk god hjelp av feiarane.

Konkurransen som vart laga for å få folk rundt på utstillingane vart godt motteken av utstillerane. Vi fekk inn nær 50 svar.

Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på heile arrangementet inkludert ledsagerprogram og festmiddag i Kålvåg. Leiaren har og fått god tilbakemelding frå handelstanden på den aktiviteten som var skapt for dei, desse dagane.
 
Rekneskap:
Kasseraren la fram rekneskap for arrangementet som viste ei omsetning på ca kr 750.000,-. Utgiftsida er på ca. kr. 665.000,-. Dette gjev eit overskot på ca 90.000,-. Mange dugnadstimar, mange lokale sponsorar og ikkje minst utstillerane har gjort til at arrangementet har gjeve pluss i rekneskapet.
 
Vedtak:
Styre er godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet.
 
Sak nr. 06/05 Årsmøte 2005
På grunn av at laget skulle arrangere generalforsamling i 2005 vart det bestemt at årsmøte skulle arrangerast seinare på året. Først vart datoen 2. – 4. september. Dette vart etter møte endra til 20. – 23 oktober. Endringane var gjort for at det skulle passe inn i planane til nokre av våre samarbeidspartnarar.

Møte vil verte halde på Alexandra Hotell i Loen. Det er førehandsbestillt rom.

Tema vil verte innafor Alarmsentralen, Oljevern og Sivilforsvaret. Det er då naturleg at Fylkesmannen si beredskapsavdeling er med på arrangementet.

Førebels program:
10.00 Åpning
10.15 –12.00 Alarmsentralen
12.00 – 13.00 Lunch
13.00 – 14.00 IUA
14.00 – 14.15 Pause
14.15 – 14.45 Sivilforsvaret
14.45 - 15.00 Pause
15.00 – 15.45 Fylkesmannen – Beredskapsavdelinga
16.00 - Årsmøte
20.00 Festmiddag

Eventuell utviding av program på laurdag.

Sak nr. 07/05. Ymse.
E-post frå Arvid Gilje vart delt ut og referert. Han ynskte å få vurdert om ikkje laget kunne søke om å få arrangere DSB-seminar. Han hadde og forslag på å diskutere jubileumstur og gjerne legge årsmøte til denne. Det vart vidare drøfta å få laga klare kjøyrereglar for Gjensidige – hengaren.
 
Vedtak:
Styret ser ikkje at det er rette tida å søkje om å få arrangere DSB-seminar i år. Det vart ikkje tilslutning for å arrangere jubileumstur no. Dette kunne kanskje takast opp i samarbeid med IUA på eit seinare tidspunkt. At årsmøte 2005 skulle haldast på Alexandra Hotell har vore drøfta på fleire styremøte.
 
Runar Kleppe
Sekretær
 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann