Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

LEIAR AV FØREBYGGJANDE AVDELING

Arbeidsgiver: Voss Brannvern
Søknadsfrist: 11.06.2007
 

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest.

Reisetida til Bergen er ca. 1,5 timar. Voss har gode togsamband til Oslo og Bergen. I overkant av 5 timar til Oslo og i overkant av 1 time til Bergen. Med bil er det ca. 30 minutt i reisetid både til Sognefjorden og Hardangerfjorden.

 

Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske om spennings- og aktivitetsnivå.

 

Tekniske tenester har i underkant av 100 tilsette og er organisert i ein plan-, drifts- og bygg- og eigedomsavdeling.

Voss Brannvern er organisert under driftsavdelinga. Voss Brannvern har for tida 7 stillingar på heiltid, og 41 stillingar på deltid

 

Voss Brannvern søkjer etter vikar for leiar av førebyggjande avdeling

Stillingsnr. 07/1055.

 

Vikariatet er frå 1.august 2007 til 30. juni 2008.

 

Avdelingsleiaren rapporterer til brannsjefen, og er ein del av brannvernet si leiargruppe.

 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er tillagt leiing og faglig ansvar for brannvernet sitt førebyggjande arbeid i samsvar med lov og forskrift. I hovudsak er dette tilsyn, sakshandsaming, feiing, informasjon og motivasjonsarbeid. Avdelingsleiaren deltek i dette arbeidet.

 

Avdelingsleiaren kan verta tillagt overordna vakt, og andre arbeidsoppgåver kan verta tillagt stillinga.

 

Kvalifikasjoner:

Den som vert tilsett må vera kvalifisert iht. Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-9.

Leiar for førebyggjande avdeling skal ha gjennomført yrkesutdanning i førebyggjande brannvern, og enten ha:

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule, anna relevant høgskuleutdanning eller særskild brannteknisk utdanning på samme nivå

eller

  • Kvalifikasjoner som utrykningsleiar i heiltidsbrannvesen jf. § 7-7 eller
  • Minst to års erfaring som førebyggjande personell jf. § 7-6.

Som fylgje av overordna vakt er det krav om beredskapsutdanning trinn 3 ved Norges brannskule.

 

Dersom denne stillinga vert tilsett ved internt opprykk er det ledig vikariat i samme periode som:

 

Det vil verta lagt vekt på høg fagleg kompetanse, god framstillingsevne både skriftlig og munnleg, samt god samarbeidsevne og serviceinnstilling.

 

  • Aktuelle søkjarar må gje klart til kjenne om dei søkjer på fleire av dei ledige vikariata.
  • God helse
  • Vandelsattest
  • Lønn etter avtale

Kontaktperson: Brannsjef David Skjerven telefon 56 51 46 82, mobil 99 20 71 70 eller varabrannsjef Signar Aune telefon 56 51 46 83, mobil 99 20 71 71.

 

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre/nyutdanna arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av befolkningssamansetjinga generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Kvinner vert difor spesielt oppmoda til å søkje stillinga.

 

Me oppfordrar deg til å søkja på nettet. Søknadsskjema på www.voss.kommune.no. Eller send søknad med CV, samt kopiar av vitnemål og attestar til Voss kommune, kommunalavdeling for tekniske tenester, boks 145, 5701 Voss, innan 11.06.2007. 

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

ASPired2Poll
Hvordan synes du brannvesenkonferansen bør være?
To dager på ett sentralt sted
To dager på flere steder rundt i landet
En dag på ett sentralt sted
En dag på flere steder rundt i landet
Ingen konferanse
Se resultat

 

      HVA SKJER?
MARS 2019
20.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann