Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNSJEF

Arbeidsgiver: Hå kommune
Søknadsfrist: 16.05.2008
 
Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 15.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod.
Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Brannsjef

Beskrivelse
Hå kommune har ledig stilling som brannsjef. Stillinga har det daglege leiaransvaret for seksjon brannvern og er organisasjonsmessig lagt under avdelingsleiar kommunalteknikk. Seksjonen er delt i ei førebyggjande avdeling og ei beredskapsavdeling.

I den førebyggjande avdelinga er det i tillegg til avdelingsleiar ei stilling som feiar.

Ved beredskapsavdelinga er det utanom avdelingsleiaren ein brannstasjon på Nærbø med 20 deltidsmannskap og ein på Vigrestad med 16 deltidsmannskap.

Stillinga som brannsjef inngår i ordninga for overordna befalsvakt som vert fordelt på fire stillingar. Av beredskapsomsyn er det krav om at den som vert tilsett må bu eller busette seg i kommunen.

Kvalifikasjoner
Til stillinga søker ein personar med kvalifikasjonar i samsvar med § 7-11 i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen for kommune med inntil 20 000 innbyggjarar. Dvs har brannfaglig kompetanse tilsvarande befalskurs III ved Noregs brannskule og enten har:
· Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule eller tilsvarande, eller
· Kvalifikasjonar som leiar av beredskaps- eller førebyggjande avdeling og minst to års erfaring som leiar.

Det vert i tillegg kravd førarkort kl B og kompetansebevis for utrykkingskøyretøy samt politiattest.

Søkjarar som ikkje har nødvendig kompetanse må eventuelt forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring.

Det vil ved tilsetjinga verte lagt vekt på personlege eigenskapar med gode leiar- og kommunikasjonseigenskapar. Det vil også verte lagt vekt på god framstillingsevne og tilstrekkeleg datakunnskap.

Løn etter avtale.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.
 
Søknadsfrist: 16.05.2008 Utlyst dato: 23.04.2008 Vår ref.: 626/08/1089
 
Kontaktperson: Rolf Einar Ree, kommunalsjef, 51793100, rer@ha.kommune.no
 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

ASPired2Poll
Hvordan synes du brannvesenkonferansen bør være?
To dager på ett sentralt sted
To dager på flere steder rundt i landet
En dag på ett sentralt sted
En dag på flere steder rundt i landet
Ingen konferanse
Se resultat

 

      HVA SKJER?
MARS 2019
20.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann