Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

FØREBYGGJANDE PERSONELL

Arbeidsgiver: Voss brannvern
Søknadsfrist: 04.09.2010
 

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1,5 timar.

 

Tekniske tenester har ca 100 tilsette og er organisert i 5 underavdelingar; drift, plan/oppmåling/byggesak, bygg/eigedom, næring og brannvern. Voss brannvern har ledig 100% fast stilling.

 

Førebyggjande personell i Voss brannvern

Stillingsnr. 10/1155

 

Arbeidsoppgåver:

I hovudsak går arbeidet ut på organisering og gjennomføring av kurs og øvingar, informasjon- og motivasjonsarbeid, prosjektarbeid samt tilsyn i særskilde brannobjekt. Teneste i utrykningsstyrken og andre arbeidsoppgåver kan verta tillagt stillinga. Førebyggjande personell rapporterer til leiar for førebyggjande avdeling.

 

Kvalifikasjonar:

Den som vert tilsett må vera kvalifisert i forhold til Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-6.

Førebyggjande personell skal ha gjennomført yrkesutdanning i førebyggjande brannvern og ha enten:

 

·          utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule, anna relevant høgskuleutdanning eller særskild brannteknisk utdanning på same nivå, eller

·          yrkesutdanning for brannkonstabel i heiltidsbrannvesen, samt beredskapsutdanning trinn 1, eller

·          fagutdanning som feiarsvenn.

 

Søkjarar som ikkje tilfredsstiller kompetansekrava i forhold til Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-6, vil måtte tileigna seg desse etter tilsetjing.

 

Det vil verta lagt vekt på høg fagleg kompetanse, god framstillingsevne både skriftleg og munnleg, evne til gjennomføring samt god samarbeidsevne og å kunne bidra positivt i eige arbeidsmiljø.

 

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

 

Kontaktperson: Brannsjef David Skjerven telefon 56 51 46 82, mobil 99 20 71 70 eller leiar for førebyggjande avdeling Geir Ove Pedersen telefon 56 51 46 84, mobil 99 20 71 73.

 

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre/nyutdanna arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av befolkningssamansetjinga generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Kvinner vert difor spesielt oppmoda til å søkje stillinga.

 

Me oppfordrar deg til å søkja på nettet. Søknadsskjema på www.voss.kommune.no.  Eller send søknad med CV, samt kopiar av vitnemål og attestar til Voss kommune, kommunalavdeling for tekniske tenester, boks 145, 5701 Voss, innan 4. september 2010.

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
27.09. BRANN & REDNING 20...
NOVEMBER 2018
06.11. Nordic Conference ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann