Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANN-/BYGNINGSINGENIØR EV. BRANNINSPEKTØR

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 26.05.2011
 

Sogn brann og redning IKS er eit nyoppretta interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Ved oppstart 01.05.2011 vil selskapet ha 9 tilsette på heiltid og ca 120 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/ depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 214 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca 8 000 fyringsanlegg.

 

I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. brannlova vert det også vurdert å leggja kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova til selskapet.   

 

I samband med opprettinga av selskapet er det ledig 2x 100% stillingar som

 

BRANN-/BYGNINGSINGENIØR ev. BRANNINSPEKTØR

 

Sentrale arbeidsoppgåver;

­       Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder. 

­       Gjennomføring av byggjetilsyn i hht. plan- og bygningslova

­       Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/vegleiar ovanfor eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhold.

­       Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern.

­       Det kan verte aktuelt med deltaking i overordna vakt eller som brannkonstabel deltid avhengig av kvalifikasjonar og bustad.

 

Ynskjelege kvalifikasjonar;

Førebyggande personell skal ha gjennomført yrkesutdanning i førebyggande brannvern (førebyggande kurs ved Noregs Brannskole), førarkort minimum kl B, og ha enten;

­       Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, annen relevant høgskoleutdanning eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå.

­       Yrkesutdanning for brannkonstabel i heiltidsbrannvesen samt beredskapsutd. trinn I.

­       Fagutdanning som feiersvenn.

 

Ved ev. tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

Utover formell utdanning vil det bli lagt vekt på;

­       Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.

­       Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.

­       Personlig skikka, engasjert og interessert.

­       Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.  

­       Relevant praksis.

 

Du vil verte utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjonsmessig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ein liten eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset saman.

 

Du må disponere eigen bil. SBR IKS vil nytte seg av eit tal tenestebiler til bruk ved tilsyn mv.


Vi tilbyr;

Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et opent og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

Informasjon;

Nærare informasjon om stillingane får du hjå leiar førebyggande Kåre Egil Skjerven tlf 90 72 56 78 eller brannsjef Hans-Morten Blikseth tlf 99 51 15 89.

 

Søknad på stillingane skjer gjennom å nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på www.sogndal.kommune.no.  

 

Søknadsfrist 26. mai 2011

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
27.09. BRANN & REDNING 20...
NOVEMBER 2018
06.11. Nordic Conference ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann