Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

FEIAR

Arbeidsgiver: Sveio kommune
Søknadsfrist: 20.07.2011
 

Feiar  -  fast stilling, 100 %

 

Sveio kommune har ledig stilling som feiar. Organisatorisk høyrer stillinga til Sveio brann- og redningsvesen, med avdelingsleiar for førebyggjande avdeling som næraste overordna.

I kommunen er det om lag 2000 piper og 2600 eldstader/fyringsanlegg. Feiing blir som hovudregel utført annakvart år og tilsyn kvart fjerde år. Arbeidstida er 37,5 timar pr. veke.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

·          Feiing av piper, om lag 1000 pr. år.

·          Tilsyn med eldstader og fyringsanlegg i bustadhus, i snitt om lag 650 pr. år

·          Informasjon og rettleiing til innbyggjarane i kommunen om brannvern og fyring m.m.

 

Kvalifikasjonar:

·          Primært blir det søkt etter personar med minimum sveinebrev i feiarfaget.

·          Interesserte med annan bakgrunn blir likevel sterkt oppmoda om å søkja, men må forplikta seg til å gjennomføra nødvendig opplæring (som blir dekka av arbeidsgjevar).

·          Kjennskap til elektronisk tekstbehandling og bruk av PC som arbeidsverktøy er nødvendig.

·          Førarkort klasse B.

·          God skriftleg og muntleg framstillingsevne vil bli vektlagt saman med evne til å arbeida sjølvstendig og kunna ta initiativ.

·          Det må leggjast fram politiattest før tilsetjing.

 

Me tilbyr:

·          Nødvendig opplæring og vidare utvikling innanfor feiarfaget.

·          Løn etter avtale.

·          Mogeleg deltaking i brann- og redningstenesta i kommunen (eigne krav m.o.t. beredskapen).

 

Kontaktperson:

Brannsjef Bjarne Hetlesæter, tlf. 977 048 25 eller e-post bjarne@sveio.kommune.no

 

Det er ønskjeleg at den som blir tilsett i stillinga kan byrja innan kort tid.

 

Søkjarar til stillinga blir oppmoda om å bruka digitalt søknadsskjema som er å finna på https://e-skjema.no/sveio

 

Alternativt kan skriftleg søknad med kopiar av vitnemål og attestar (som ikkje blir returnerte) sendast Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio.

 

Søknadsfrist:

Onsdag 20. juli 2011.

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann