Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNINSPEKTØR

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 20.01.2012
 
Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har p.t. 8 tilsette på heiltid og ca 110 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med ca 240 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca 7 250 fyringsanlegg.

I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. brannlova er også delar av eigarkommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet.

Ynskjer du å bidra til at Sogn blir ein tryggare stad å bu har vi ledig 100% fast stilling som

FØREBYGGANDE PERSONELL (Branninspektør)
(2. gongs utlysing)

Sentrale arbeidsoppgåve;

  • ­Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder.
  • ­Gjennomføring av byggjetilsyn etter plan- og bygningslova
  • ­Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/rettleiar for eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhald.
  • ­Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggjande brannvern.
  • ­Det er moglegheit for deltaking i beredskapen avhengig av kvalifikasjonar og bustad.

Ynskjelege kvalifikasjonar;

  • Førebyggjande personell skal ha gjennomført yrkesutdanning i førebyggjande brannvern (førebyggande kurs ved Norges Brannskole) og ha førarkort minimum kl B.

Det er aktuelt å tilsetje søkjar som ikkje tilfredstillar dei formelle kvalifikasjonskrava, men då må vedkommande gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetjing.

Er du interessert, men er i tvil om du har ein bakgrunn som kan vere aktuell, så ta kontakt.

Aktuell bakgrunn for å søkje;

  • Primært søkjer vi etter ingeniør eller person med teknisk fagskole innan eit relevant fagområde, men det kan også vera aktuelt å tilsetje ein person med bakgrunn som til dømes.;
  • ­Fagbrev og praksis innanfor eit relevant fagområde.
  • ­Annan relevant formell kompetanse og praksis.

Utover formell utdanning og relevant praksis vil det bli lagt vekt på;

  • ­Erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.
  • ­Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
  • ­Personlig skikka, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig.
  • Vera fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.

Du vil bli utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjonsmessig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ei lita eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset ilag.

Vi tilbyr;

  • Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og ei god pensjonsordning.

Informasjon;

  • Leiar førebyggande Kåre Egil Skjerven tlf 90 72 56 78
  • Brannsjef Hans-Morten Blikseth tlf 99 51 15 89.
Søknad på stillingane skjer gjennom å nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på www.sogndal.kommune.no.
 
Søknadsfrist 20. januar 2012
 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann