Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

AVDELINGSLEIAR BEREDSKAP OG BRANNINGENIØR/BRANNINSPEKTØR

Arbeidsgiver: Kvinnherad kommune
Søknadsfrist: 01.03.2012
 

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad er ein vidstrakt kommune og har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Brannvernet søkjer avdelingsleiar beredskap og branningeniør/inspektør

 

Brannvernet i Kvinnherad kommune ligg under verksemda Tekniske Tenester. Brannvernet er delt i ei førebyggande avdeling og ei beredskapsavdeling med 8 brannstyrkar.


Avdelingsleiar beredskap – 100 % stilling
Stillinga gjer utfordrande oppgåver både fagleg-, innsats- og personellmessig. Den er sjølvstendig og du får fagansvaret for avdelinga med personell, HMS og kontroll/vedlikehald av beredskapsmateriell. Andre oppgåver innanfor bl.a. kommunal beredskap kan bli lagt til stillinga.
Stillinga inngår i overordna vakt, det er derfor krav om bustad/oppmøtetid.

Kvalifikasjonar

Ø Utdanning ihht Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen §§ 7-8 og 7-10

Ø Tilfredsstillande helse (ved tilbod av stilling)

Ø Politiattest (ved tilbod av stilling)

Ø Førarkort kl BE og C, samt førarkort for utrykkingskøyring (kode 160)

Ø Gode samarbeidsevner

Ø God munnleg og skriftleg framstillingsevne, samt presentasjons- og kommunikasjonseigenskapar

Ø Personleg egna, lojal, sjølvstendig og serviceinnstilt


Branningeniør/branninspektør – 100 % stilling

Sentrale arbeidsoppgåver vil være å utføra tilsyn, saksbehandling og informasjonstiltak.
Andre arbeidsoppgåver relatert til førebyggande og HMS, samt moglegheit for deltaking i beredskapsstyrken.

Kvalifikasjonar

Ø Utdanning ihht Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen §§ 7-6

Ø Tilfredsstillande helse (ved tilbod av stilling)

Ø Politiattest (ved tilbod av stilling)

Ø Førarkort kl B, ynskjeleg med førarkort kl C og førarkort for utrykkingskøyring (kode 160)

Ø Gode samarbeidsevner

Ø God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ø Personleg egna, lojal, sjølvstendig og serviceinnstilt

 

Det er ynskjeleg med erfaring frå brannførebyggande arbeid og saksbehandling.

 

For begge stillingane:
Søkjar som ikkje tilfredsstiller krava fullt ut ved tilsetjing, må forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring. Søkjar må disponere eigen bil i tenesta.

 

Lønn og arbeidsvilkår etter avtale. Overordna vakt vert godtgjort etter gjeldande særavtale.

 

Kontaktperson: Brannsjef Grete Nesheim, tlf 53 48 32 72.

 

Send søknad elektronisk via www.kvinnherad.kommune.no innan 1. mars 2012.

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
12.09. Brannforebyggende ...
27.09. BRANN & REDNING 20...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann