Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNMEISTER

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 23.03.2012
 

Utlysing av stilling som brannmeister

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har p.t. 8 tilsette på heiltid og ca. 110 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/depot.  

 

Brannmeistaren vil ha sentrale oppgåver knytt til drift og vedlikehald av våre brannstasjonar samt kurs og øvingar.

 

Ynskjer du å bidra til at Sogn blir ein tryggare stad å bu og styrke arbeidet med beredskap har vi ledig 100% fast stilling (nyoppretta) som ”brannmester”  for våre brannstasjonar.

 

Sentrale arbeidsoppgåver vil være:

-          vedlikehald av brannbiler og materiell, orden i brannstasjonane

-          avviksrapportering, oppfølging og dokumentasjon

-          tilrettelegging i samband med øvingar

-          halde øvingar og kurs

 

Ynskjelege kvalifikasjonar:

-          teknisk/mekanisk bakgrunn

-          grunnkurs brannkonstabel og evt beredskapsutdanning trinn 1 frå Noregs brannskule

-          førarkort klasse C (eller ta dette innan 6 mnd.)

-          ambulanse eller annan relevant redningsteknisk kompetanse

-          erfaring som instruktør

 

Det vil være aktuelt å tilsetje søkar utan ynskjeleg formell kompetanse, men då må søkar vere villig til å ta naudsynt utdanning etter tilsetjing (gjeld grunnkurs og beredskapsutdanning trinn 1) og sertifikat kl.C.

 

Vi har p.t vakansar i utrykkingstyrken i Sogndal, Leikanger, og Vik og det blir forventa at ein deltek i utrykkingsstyrken der ein evt er busett, under føresetnad av at ein er helse messig og fysisk skikka og bur nær brannstasjonen.

 

Du vil bli utfordra på å stille opp uavhengig av organisasjon messig tilknyting. Sogn brann og redning er ei lita eining som krev at vi dreg lasset saman.

 

Vi tilbyr:

Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale, gode pensjonsvilkår.

 

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til avd.leiar beredskap/varabrannsjef Vidar Trettenes på tlf.90037256 eller epost: vidar.trettenes@sogndal.kommune.no

 

Søknad med kortfatta CV sendast til:

Sogn brann og redning IKS, pb. 153 6851 Sogndal

 

Eller epost: vidar.trettenes@sogndal.kommune.no

postmottak@sogndal.kommune.no

 

Søknadsfrist: 23. mars 2012

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
MAI 2019
06.05. Brannvernkonferans...
14.05. Skogbrannseminar...
23.05. Generalforsamling ...
SEPTEMBER 2019
11.09. Brannforebyggende ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann