Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNSJEF

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 11.05.2012
 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt brann- og redningsvesen eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har p.t. 11 tilsette på heiltid og ca 100 deltidstilsette brannkonstablar fordelt på 10 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med ca 240 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca 7 250 fyringsanlegg.

 

I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. brannlova er også delar av eigarkommunane sitt ansvar for byggjetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet.  

 

 

Brannsjefen vår har søkt nye utfordringar og vi søker derfor etter ny

 

BRANNSJEF

 

Vi søker ein engasjert og tydeleg leiar som kan jobbe sjølvstendig og har vilje og evne til å drive prosessar med knappe tidsfristar.

 

Sentrale arbeidsoppgåver;

­   Oppretthalde og vidareutvikle Sogn brann og redning IKS som eit framtidsretta regionalt brannvesen i Sogn.

­   Vidareutvikle samarbeidet med eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar.

­   Vere sekretær for å rapportere til selskapet sitt styre og representantskap.

­   Ha dagleg leiaransvar for brannvesenet, inkludert personal- og økonomiansvar.

 

 

Kvalifikasjonar;

­   Kompetanse i hht. ”Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen” § 7-11 for brannsjef i kommune eller region med inntil 20 000 innbyggarar.

­   Relevant erfaring som leiar og frå administrativt arbeid og opplæring.

­   Kjennskap til kommunal organisering, politisk saksgang, delegasjon og utøving av mynde.

­   Gode eigenskapar knytt til leiing, administrasjon, kommunikasjon og samarbeid.

­   Førarkort min. kl B og kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode 160).

 

Brannsjefen inngår i 5-delt overordna vakt (heimevaktordning) med krav til bustad sentralt innanfor regionen og har bæreplikt på mobiltelefon og personsøkar.

 
Brannsjefen sin næraste overordna er styret sin leiar.

 
Konkurransedyktige vilkår etter avtale.

 
Informasjon;

For nærare opplysningar kontakt styreleiar Jarle Skartun tlf 91 86 60 05 eller jarle.skartun@luster.kommune.no ev. brannsjef Hans-Morten Blikseth tlf 99 51 15 89 eller hmb@sogndal.kommune.no.

 

 

Søknad og CV skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogn brann og redning IKS, postboks 153, 6851 Sogndal.

 

Søknadsfrist 11. mai 2012.

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
12.09. Brannforebyggende ...
27.09. BRANN & REDNING 20...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann