Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNMEISTER

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 17.09.2012
 

Utlysing av stilling som brannmeister

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har p.t. 9 tilsette på heiltid og ca 100 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/depot.

 

Brannmeistaren vil ha sentrale oppgåver knytt til drift og vedlikehald av våre brannstasjonar samt kurs og øvingar.

 

Ynskjer du å bidra til at Sogn blir ein tryggare stad å bu og styrke arbeidet med beredskap har vi ledig 100% fast stilling (nyoppretta) som ”brannmester”  for våre brannstasjonar.

 

Sentrale arbeidsoppgåver vil være:

-          vedlikehald av brannbiler og materiell, orden i brannstasjonane

-          avviksrapportering, oppfølging og dokumentasjon

-          tilrettelegging i samband med øvingar

-          halde øvingar og kurs

 

Ynskjelege kvalifikasjonar:

-          teknisk/mekanisk bakgrunn

-          grunnkurs brannkonstabel og evt beredskapsutdanning trinn 1 frå Noregs brannskule

-          førarkort klasse C (eller ta dette innan 6 mnd.)

-          ambulanse eller annan relevant redningsteknisk kompetanse

-          erfaring som instruktør

 

Det vil være aktuelt å tilsetje søkar utan ynskjeleg formell kompetanse, men då må søkar vere villig til å ta naudsynt utdanning etter tilsetjing (gjeld grunnkurs og beredskapsutdanning trinn 1) og sertifikat kl.C.

Vi har p.t vakansar i utrykkingstyrken i Sogndal, Gaupne og det blir forventa at ein deltek i utrykkingsstyrken der ein evt er busett, under føresetnad av at ein er helse messig og fysisk skikka og bur nær brannstasjonen.

Du vil bli utfordra på å stille opp uavhengig av organisasjon messig tilknyting. Sogn brann og redning er ei lita eining som krev at vi dreg lasset saman.

 

Vi tilbyr:

Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale, gode pensjonsvilkår.

 

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til avd.leiar beredskap/varabrannsjef Vidar Trettenes på tlf.90037256 eller epost: vidar.trettenes@sogndal.kommune.no

 

Søknad med kortfatta CV sendast til:

Sogn brann og redning IKS, pb. 153 6851 Sogndal

 

Eller epost: postmottak@sogndal.kommune.no

 

Søknadsfrist: 17 sept 2012

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
27.09. BRANN & REDNING 20...
NOVEMBER 2018
06.11. Nordic Conference ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann