Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

AVDELINGSLEIAR BRANNBEREDSKAP

Arbeidsgiver: Herøy kommune
Søknadsfrist: 10.09.2012
 
100% fast stilling som avdelingsleiar brannberedskap ID=330

Herøy kommune, Brannvernet har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar brannberedskap for tilsetjing snarast mogleg.

Er du ein person som er positiv, har ”stå på vilje”, er glad i å jobbe med menneske og likar utfordringar og sjølvstendig arbeid? Vi søkjer no etter ein ny medarbeidar som har desse eigenskapane og som vil vere med på å vidareutvikle Herøy Brannvern.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av køyrety og utstyr
  • Personalarbeid og fråværsoppfølging
  • Innkjøp
  • Vaktlister
  • Inngå i vaktberedskap
  • Utarbeiding av opplæringsplanar, tilrettelegge og gjennomføre øvingar
  • Førebyggande brannvern inkludert gjennomføring av kampanjar innan ulike satsingsområde
  • Sakshandsaming
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Branningeniør eller ingeniør med gjennomført beredskapskurs trinn 3 ved Noregs brannskule
  • Person med annan relevant utdanning/bakgrunn/erfaring vert også oppmoda om å søkje
  • Søkjar må vere villig til å ta eventuell tilleggsutdanning
  • Erfaring frå beredskap og førebyggande arbeid
  • Tilfredsstillande politiattest i samsvar med brannlova §18
  • God fysikk og helseattest som oppfyller krava til deltaking i vaktberedskap
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Førarkort minimum klasse B og helst klasse C
  • Godt humør, gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar, initiativ og evne til å motivere og inspirere
  • Søkjar bør ha datakunnskapar innan standard kontordata, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det vert elles stilt krav om bruk av eigen bil i tenesta.

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale, lover og reglement
  • Utfordrande stilling med sjølvstendig arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter til fagleg utvikling
  • IA-bedrift
  • Pensjonsordning og frivillig Fritidsforsikring

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet.. Om nokon treng hjelp til dette kan dei ta kontakt med Servicetorget, tlf. 70081311.

Tilsetjinga skjer elles av dei vilkår som framgår av tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte innkalla til intervju.

Tilsendte attestar og vitnemål vert ikkje returnert.

Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Stillingsstørrelse: 100%

Arbeidssted: Anlegg og drift

Kontaktperson 1: Jon Rune Våge

Kontaktperson 2: Hallvard Rusten

Søknadsfrist: 10.09.2012
 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
12.09. Brannforebyggende ...
27.09. BRANN & REDNING 20...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann