Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNSJEF, VARABRANNSJEF OG BRANNINGENIØR

Arbeidsgiver: Brannsamarbeidet i Vest-Telemark
Søknadsfrist: 27.10.2004
 
Vest-Telemark kommunane

Seljord kommune, Vinje kommune, Kviteseid kommune, Nissedal kommune, Fyresdal kommune og Tokke kommune


Førebyggande brannsamarbeid

Vest-Telemark

Kommunane i Vest-Telemark planlegg eit førebyggande brannsamarbeidet. Administrasjonen vert lokalisert i Vest-Telemark Kraftlag sine lokale i Høydalsmo. Vertskommunen Tokke vil ha arbeidsgjevaransvaret for stillingane.

Med atterhald om godkjenning i kvart enkelt kommunestyre, vert det lyst ut fylgjande stillingar i det nyoppretta brannsamarbeidet frå 01.07.2005 slik:

  • Brannsjef (id.nr 89)
  • Varabrannsjef (id.nr 94)
  • Branningeniør (id.nt 95)

Brannsjefen vert tilsett fyrst, og vil så vera med på tilsetjinga av varabrannsjef og branningeniør.

Ansvar og arbeidsoppgåver vil m.a. vera:
Brannsjefen skal leie brannvesenet sine beredskapsavdelingar i samarbeidskommunane. Brannførebyggande avdeling skal vera underlagt brannsjefen. Feiaren skal ligge under brannsjefen sitt fagansvar, men arbeids- og personalansvaret ligg i kvar kommune.

Brannberedskapen vil framleis ligge i den enkelte kommune.

Krav til stillingane:

  • Sivilingeniør eller anna relevant høgskuleutdanning, eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå. Minst to års erfaring i brannvesen/brannførebyggande arbeid og befalskurs 3.
  • Leiarerfaring
  • Økonomisk vurderingsevne
  • Evne til samarbeid og evne til nytenking

Løn etter avtale
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.

Det er 6 månaders prøvetid. Tilfredsstillande legeattest må leggjast fram.

Spørsmål om stillinga kan rettast til tilsetjingsnemnda v/ rådmann i Vinje Hans Kristian Lehmann tlf. 35 06 23 00 eller rådmann i Fyresdal Vigdis Mariedatter Gulbrandsen tlf. 35 06 71 00.

Søknaden må merkast med stillinga, event. stillingane sine id.nr.

Søknaden med CV og kopi av vitnemål og attestar skal sendast:
Brannsamarbeidet i Vest-Telemark v/ Vinje kommune, 3890 Vinje innan 27. oktober 2004.

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
NOVEMBER 2019
06.11. Midt-Norske brannv...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann