Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNSJEF, ALTERNATIVT LEIAR AV BEREDSKAPSDELEN

Arbeidsgiver: Kvam herad kommune
Søknadsfrist: 15.11.2004
 

KVAM HERAD

 

Kvam herad ligg på nordsida av Hardangerfjorden, ca 1 times køyring frå Bergen. Kommunen har ca 8400 innbyggjarar og har varierte fritidstilbod og eit mangfaldig kulturliv. Her er også godt skule- og barnehagetilbod. Kommunen ligg strategisk til mellom fjord og fjell med tanke på eit allsidig friluftsliv.

 

Eining for tekniske tenester har ledig stilling som:

 

BRANNSJEF, alternativt LEIAR av

BEREDSKAPDELEN

 

Saknr. 04/1178

 

Brannvernet i Kvam er deltidsbrannvern, med fast dreiande vakt for tettstadene Norheimsund og Øystese (2 stasjonar), og mannskap utan fast vaktordning for Strandebarm (stasjon Oma) .
I tillegg er det samarbeid med industrivernet ved Bjølvefossen i Ålvik.
Samla er det i dag 16 mannskap + 4 aspirantar i den faste vaktordninga, og 10 mannskap + 2 formenn knytt til Oma..
Feiartenesta er organisert gjennom entreprise.
Det er utarbeidd serviceerklæringar for tenestene – jfr. http://www.kvam.no.

Hovedoppgåver:
-Brannsjef vil ha overordna ansvar for branntenestene, som omfattar personal- og økonomiansvar.
Motivasjons og informasjonsarbeid. Sakshandsaming innanfor stillinga sitt arbeidsområdet.
Brannsjefen vil også ha direkte fagansvar for beredskapsavdelinga.
Deltaking i overbefalsvakt, kvar 4. veke.
-Alternativt kan det vurderast å tilsetja leiar av beredskap/innsats, - brannsjefansvar vil då bli plassert annan stad i organisasjonen.

Kvalifikasjonskrav:
Som brannsjef blir kravt utdanning jmf. forskrift om organisering og dim. av brannvesen §7-11
Blir det tilsett leiar av beredskapsavdeling gjeld krava i §7-8.
God praksis innan fagområda, med særleg vekt på beredskap/innsats er ynskjeleg.
Kompetansebevis for utrykningskøyring/fortrinnsvis førarkort kl.C.
Søkjarar som ikkje tilfredsstiller alle krav til utdanning vil og bli vurdert, og må då vera villig til å ta nødvendig tilleggsutdanning.
(Du som har god erfaring frå brannvernarbeid generelt og innsats/beredskapsarbeid spesielt blir oppmoda om å søkja, sjølv om det manglar litt på den formelle kompetansen!)

Det er føresetnad at den som blir tilsett bur i kommunen, overgangsordningar kan drøftast.

Lønn etter avtale. Vaktgodtgjersle og andre tillegg i samsvar med gjeldande tariffavtale og lokal særavtale.

Nærmare informasjon om stillinga:
Teknisk sjef Per Øyvind Tveiten (56 55 31 61 /908 44 662) eller kst.brannsjef Arthur Strømme (56 55 31 93 / 957 21 206)

Søknadsfrist: innan 15. november 2004.

Skriftleg søknad med saksnummer, oversikt over utdanning og praksis (CV), telefonnummer, eventuell E-postadresse og kopi av rettkjende vitnemål og attestar vert å senda til:
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund


Last ned søknadsskjema i pdf-format

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
NOVEMBER 2019
27.11. En brann- og redni...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann