Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANNSJEF

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 03.06.2014
 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt brann og redningsvesen eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS vart etablert i 2011 og har hovudkontoret sitt i Sogndal. Selskapet har pt 11 tilsette på heiltid og 100 deltidstilsette brannkonstablar fordelt på 10 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med ca 250  særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca 7250 fyringsanlegg.

Delar av eigarkommunane sitt ansvar for byggjetilsyn etter plan- og bygningslova er og lagt til selskapet ved at det er oppretta ein tilsynsstilling for dette.

 

Me treng ny

BRANNSJEF.

 

Me søker ein engasjert og tydeleg leiar som kan arbeide sjølvstendig med vilje og evne til å ta ansvar for drift og vidare utvikling av selskapet.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

-Dagleg leiaransvar for selskapet, inkludert personal- og økonomiansvar.

-Rapportere til selskapet sitt styre og representantskap.

-Vidareutvikle samarbeidet med eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar.

-Vidareutvikle Sogn brann og redning IKS som eit framtidsretta regionalt brannvesen i Sogn.

 

Ynskjelege kvalifikasjonar:

-Kompetanse i hht. «Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen» § 7-11 for brannsjef i kommune eller region med inntil 20 000 innbyggarar.

-Høgare utdanning.

-Relevant erfaring som leiar.

-Relevant erfaring frå administrativt arbeid og kjennskap til kommunal organisering og drift.

-Gode eigenskapar knytt til kommunikasjon og samarbeid.

-Førarkort min. kl B og kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode 160)

 

Krav om formell kompetanse er ikkje absolutt og det vil verta lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

Brannsjefen inngår i 5-delt overordna vakt (heimevaktordning) og har bæreplikt på mobiltelefon og personsøkar.

 

Brannsjefen sin næraste overordna er styret sin leiar.

Konkurransedyktige vilkår etter avtale.

 

For nærare opplysingar kontakt styreleiar Jarle Skartun tlf 918 66 005 eller jarle.skartun@luster.kommune.no

 

Søknad og CV skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogn brann og redning IKS, postboks 153, 6851 Sogndal.

 

Søknadsfrist 3.juni 2014.

 

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann