Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

AVDELINGSLEIAR BEREDSKAP

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 01.09.2014
 

Avdelingsleiar beredskap Sogn brann og redning IKS.

Noverande leiar er gått over i stillinga som brann- og redningssjef i selskapet og vi søker derfor etter hans etterfølgjer. Selskapet er framleis i ei etablerings- og utviklingsfase (etablert mai 2011) og stillinga er ei spennande, omfattande og krevjande leiarstilling i Sogn og Fjordane sitt største brannvesen. Med 100 tilsette, 5 brannstasjonar, 2 bistasjonar og to depot. Vi dekker eit område på i underkant av 5000km2 og knapt 20 000 innbyggarar samt ein krevjande infrastruktur. Avdelingsleiar beredskap er del av selskapets leiargruppe. Vi tilbyr ei givande stilling med bredt ansvarsområde og aktivitet døgnet rundt - året rundt - og eit godt arbeidsmiljø med høge krav til den einskilde. Funksjonen som varabrannsjef er aktuell å legge til stillinga.

Om stillinga:

  • Den daglige oppfølging av beredskapsstyrkens personell
  • Drifte brannstasjoner og materiell
  • Utarbeide årsplan for øvingar i samarbeid med brannmeister
  • Øving av eigen beredskap, samvirkeøvingar med andre etatar mv. Planlegge og tilrettelegge for dette
  • Utarbeide beredskapsplanar og innsatsplanar i samarbeid med brannmeister og førebyggande avdeling
  • Oppfølging av vårt ansvar knytt til IUA, være brannsjefens stadfortreder på IUA møter
  • Rapportering til DSB og brann og redningssjef mv
  • Utvikle rutinar og system med mål om meir effektiv og sikker drift, og utnytting av samfunnets ressursar til det beste for innbyggarar og tilsette
  • Sørge for nødvendig dokumentasjon av virksomhetsområdet
  • Budsjettansvar, her under utarbeiding og oppfølging av budsjett
  • Attestering lønn for beredskapsstyrken
  • Delta i overordnavakt (5-delt)
Ynskjelege kvalifikasjonar:
  • Beredskapsleiar skal ha gjennomført beredskapsutdanning trinn 3 ved Noregs Brannskule, eller være villig til å ta denne ved første anledning. Bør også ha grunnkurs og beredskapsutdanning trinn 1
  • Utdanning som sivilingeniør/ ingeniør frå universitet/ høgskule, eller annen relevant universitets/-høgskuleutdanning eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå, og kvalifikasjonar som utrykkingsleiar i heiltidsbrannvesen. (Ber. 2)
  • God forståing av oppgåvene til kommunane si brann- og redningsteneste
  • Leiarerfaring og kunnskap om ELS
  • Grundig kjennskap til planleggings- og styringsverktøy mot. mål- og resultatstyring, HMS-arbeid, utarbeiding av budsjett- og styring mm. Bidra til utvikling av betre rutinar og system.
  • Førarkortklasse; minimum klasse B, samt kode 160 utrykkingskjøring. Stor fordel også med kl.C
Personlege eigenskapar:
Vi søker ein person som forutan gode leiareigenskapar, har evne til å sjå - og handle i samsvar med brannvesenets samla behov og mål. Vi ønskjer oss ein leiar med stå-på-vilje, eit romslig sinn og godt humør som seier det han/ hun meiner, og står for det han/hun seier. Leiaren må være motivert for å leie - også under krevjande tilhøve og tronge rammer. Evne til og motivert for kultur- og identitets bygging.
 
Elles vil følgjande eigenskapar bli vektlagt: 
Være samfunnsorientert, ha evne til nytenking og heilskapleg tenking for brannvesenets drift, og ha grundig forståing av selskapets organisasjon og styringssystem. God til å behandle medarbeidarar, være ein tydelig og motiverande leiar, takle kulturforskjellar. Samarbeide godt på alle nivå. Kunne arbeide målretta og resultatorientert. Ha evne til å prioritere - og nedprioritere. Være strukturert og analytisk og tolmodig når det trengs. Gode skriftlige og munnlege framstillingsevner. Være ansvarsbevisst og fleksibel. Kunne arbeide under høgt press. Ha interesse for å utarbeide og utvikle operativt planverk. Erfaring frå undervisning. Kompetanse omkring offentlig innkjøp.
 
Vi tilbyr: 
Løn etter avtale. God pensjonsordning i KLP. Stillinga inngår i 5-delt overbefals-vaktordning. Stillinga har særaldersgrense på 65 år. Kontorstad er Sogndal. Krav om framlegging av utvida politiattest ved tilbod om tilsetting.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til brann- og redningssjef Vidar Trettenes, tlf.90037256, el. epost: vidar.trettenes@sogndal.kommune.nosjå også http://www.sognbrann.no/

Søknadsfrist 1.september 2014, elektronisk søknad finn du her: http://www.sogndal.kommune.no/ledige-stillingar.161096.nn.html

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
27.09. BRANN & REDNING 20...
NOVEMBER 2018
06.11. Nordic Conference ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann