Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

TO STIPENDIATSTILLINGAR: ULMEBRANN

Arbeidsgiver: Høgskolen Stord/Haugesund (HSH)
Søknadsfrist: 01.12.2014
 

To stipendiatstillingar: Ulmebrann

Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) lyser ut to stipendiatstillingar med tema ulmebrann.  Ved HSH har det vore forska på ulmebrann sidan 2008, og HSH er no tildelt eit større forskingsprosjekt innan området: Emerging Risks from Smoldering Fires (EMRIS). Prosjektet er i hovudsak finansiert av Norges forskningsråd. 

Stipendiatane skal arbeida fram mot doktorgradar (PhD) under EMRIS-prosjektet, og delta i ulike samarbeidsaktivitetar under prosjektet. Arbeidsstad blir HSH i Haugesund.  Vidare vil det inngå korte forskingsopphald ved samarbeidande institusjonar (EMRIS-partnarar) i Tyskland og Sverige, deltaking på internasjonale konferansar og kontakt med industriverksemder der ulmebrann er ei utfordring. 

Det er planlagt at den eine stipendiaten skal arbeida eksperimentelt med ulming i biomaterial som trepellets, medan den andre skal ha hovudvekt på numerisk modellering av fleire ulike ulmeprosessar som blir studerte i EMRIS-prosjektet.  Men ei anna vektlegging av eksperimentelt arbeid i høve til numerisk modellering kan diskuterast.

Kvalifikasjonar

Søkarar må vera ferdige med ein mastergrad innan eit relevant fagområde. Erfaring eller utdanning innan brannrelaterte fag vil bli vektlagt, men er ikkje ein føresetnad. Ein ønskjer tilsetjing så snart som råd. 

Lønsvilkår

Stillingane blir løna i samsvar med hovudtariffavtalen i staten, kode 1017 stipendiat. Stipendiatane vil få medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktpersonar

Dekan Monika Metallinou Log, tlf. 52 70 26 49, mobil 988 25 104, e-post: mm@hsh.no

Prosjektleiar Vidar Frette, tlf. 52 70 26 73, mobil 480 27 451, e-post: vidar.frette@hsh.no 

Søknad vedlagt CV sender ein elektronisk. Vitnemål, attestar og publikasjonar kan ettersendast etter avtale.

Arbeidsstad/arbeidssted:

Haugesund

Søknadsfrist: 01.12.2014

Søk her: EasyCruit sine sider!

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
JANUAR 2019
16.01. Nasjonal brann- og...
MARS 2019
19.03. Brannvesenkonferan...
MAI 2019
23.05. Generalforsamling ...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann