Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Stipendrapporter
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

BRANN-/BYGNINGSINGENIØR EV. BRANNINSPEKTØR

Arbeidsgiver: Sogn brann og redning IKS
Søknadsfrist: 20.03.2016
 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Pr. 15.02.2016 har selskapet 12 tilsette på heiltid og ca. 80 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 250 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca. 7 250 fyringsanlegg.

 

I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. Brannlova, er det også lagt deler av kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova til selskapet, dette tilsvarar ein 100% stilling.

Stillinga som byggetilsynspersonell vil vere ledig frå 01.mai 2016, så i den samanheng er vi på jakt etter ein:

 

BRANN-/BYGNINGSINGENIØR ev. BRANNINSPEKTØR

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføring av byggjetilsyn i hht. plan- og bygningslova, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.

Andre oppgåver som kan vere aktuelle:

  • Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder.
  • Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/vegleiar ovanfor eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhold.
  • Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern.
  • Det kan verte aktuelt med deltaking i overordna vakt, utrykkingsleiar eller som brannkonstabel deltid avhengig av kvalifikasjonar og bustad.

 

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning (td.juss/rettsvitenskap) eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå.
  • Det kan vere ein fordel dersom ein har gjennomført yrkesutdanning i førebyggande brannvern, grunnkurs og beredskapsutdanning trinn I ved Noregs Brannskule, og at ein minimum har førarkort kl. B.
  • Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå ma. offentleg sakshandsaming vil og verte vurdert.

 

Ved ev. tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.


Utover formell utdanning vil det bli lagt vekt på:

  • Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
  • Personlig skikka, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar. 
  • Relevant praksis.

 

Du vil verte utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjons messig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ein liten eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset saman.

 

Vi tilbyr:

Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i eit opent og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

Informasjon:

Nærmare informasjon om stillingane får du hjå leiar førebyggande Kåre Egil Skjerven tlf. 90 72 56 78, eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 90 03 72 56..

 

Søknad på stillinga skjer gjennom å nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg påwww.sogndal.kommune.no. 

 

Søknadsfrist 20. mars 2016

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Per Ole Sivertsen

 

      HVA SKJER?
SEPTEMBER 2018
12.09. Brannforebyggende ...
27.09. BRANN & REDNING 20...
JUNI 2020
15.06. Interschutz...
SE ALLE AKTIVITETER

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann