Desse møtte: Leif Amundsen,, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Bjørn Anders Steinsund, Håkon Dyrstad, Per Grov
Arvid Gilje var forhindra frå å møte.
Sak nr. 09/05 Felles tilsyn. Leiaren har vore i kontakt med Arbeidstilsynet vedkomande felles tilsyn. Arbeidstilsynet har vorte pålagde å ta kontakt med DLE (Det lokale el-tilsyn) og det kommunale brannvesen om for å drøfte korleis ein eventuellt kan få til felles tilsyn. I samband med dette ynskjer Arbeidstilsynet eit møte for å drøfte problemstillingar, der Brannbefalslaget er kalla inn som ein part.
Vedtak: Leif Amundsen og Bjørn Anders Steinsund vert valde til å representere på dette møte.
Sak nr. 10/05 Årsmøte 2005 Årsmøte skal avhaldast i morgon 21. oktober 2005. Laget er med dette 15 – års jubilant. Programmet er ferdig og det vert ikkje større endringar i dette. Arne Hauge, som er formann i valnemda, har sagt frå seg attval. Einar Holmøy er føreslegen som nytt medlem i valnemda. Vedtak: Styret tilrår for årsmøte at Einar Holmøy vert vald som nytt medlem i valnemda.
Sak nr. 11/05. Gjensidige-hengaren: Det er enno ikkje noko faste instruksar for bruken av hengaren. For at vi skal kunne få nytte hengaren fullt ut må det lagast ein instruks og ein køyreplan for hengaren. Vedtak: Bjørn Anders Steinsund tek kontakt med Leif Otto Olsen og prøver å få utarbeidd ein instruks og køyreplan for hengaren. Så snart dette er klart vert det teke opp som sak i styret.
Runar Kleppe Sekretær -sign- |