Møtedato:
02.02.2006
Stad:
Rica Sunnfjord Hotell, Førde.
Desse møtte:
Leif Amundsen, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Arvid Gilje, Håkon Dyrstad og Per Grov
Bjørn Anders Steinsund var forhindra frå å møte.
Sak nr. 01/06 Årsmøte. Lokalisering av årsmøte vart drøfta. Det er eit tidlegare styrevedtak som seier at årsmøte skal fordelast på regionane. Denne gangen er det Sogn sin tur. Siste årsmøte som vart halde i Sogn vart halde i Balestrand. Det vart vidare drøfta om ein skulle legge årsmøte inntil ei helg slik praksis har vore, eller om skulle prøve å legge arrangementet til midtveke. Arvid Gilje la fram forslag om at styret drøfta tema som laget ville ta opp i år, og deretter bestemte tid og sted for årsmøte og fagkonferansar.
Arvid Gilje hadde desse forslaga til emne:
¨ ROS-analyse for brannvesen/systematisk tilsyn
¨ Ny arbeidsmiljølov
¨ Internkontrollforskriften
¨ Beredskapsplaner
Han meinte det var viktig å ha fleire tema og meinte det då kom meir folk.
Vedtak:
Årsmøte vert halde på Sogndal Hotell 31. mars – 1.april 2006.
Hovudtema vert farleg gods. Jarle og Håkon lagar eit forslag til program. Ein må prøve å få med Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand. Håkon tek kontakt med Bleken i DSB, ein må vidare ha kontakt med Eivind Ask . Oljevernutvalet har ein hengar med ein god del utstyr ståande i Sogndal.
Leif tek kontakt med utstillarar.
Arvid Gilje tek kontakt med 110-sentralen om ka tid dei må ha til årsmøte evt. brukarmøte
Sak nr. 02/06 Brannvern for 6.-klassingar.
Bjørn Volstad, Petter Roset og Steinar Frøyland frå Gjensidige presenterte eit opplegg som dei har laga for 6.-klassingane i Hordaland.. Undersøkningar har vist at det er dette alderstrinnet som er mest motakeleg for slik informasjon. Gjensidige ser for seg eit samarbeid med brannbefalslaget, der sløkkjehengaren er med på runda rundt om i fylket. Meininga er at alle dei 26 kommunane i fylket skal få tilbod om opplæringsmidlar og at brannvesena rundt omkring i kommunane skal gjennomføre øvingane
Vedtak:
Frøyland sender over ny prosodyre for den nye Tyssevogna. Det må haldast eit seminar der alle brannsjefane får informasjon om opplegget. Petter Roset, Steinar Frøyland og Arvid Gilje i befalslaget lagar eit opplegg for dette.
Sak nr. 03/06 Sprinklerseminar 2006.
Det vart drøfta om sprinklerseminaret kunne utsettast til hausten. Etter telefonsamtale til Narve Helle som skal ha dette seminaret vart det klarlagt at dette opplegget skulle vere ferdig før ferien.
Vedtak:
Sprinklerseminaret vert avvikla som planlagt den 30. mai. Seminaret vert flytta til Skei Hotell.
Runar Kleppe
Sekretær
-sign- |