PROTOKOLL FOR ÅRSMØTE.
Årsmøtet vart i år halde på Rica Sunnfjord Hotell den 16.03.07. Det møtte 20 medlemmar. I samband med årsmøte vart halde seminar med hovudtema ROS-analyse og samarbeid mellom kommunane.
Sak nr. 1. Åpning:
Leiaren i brannbefalslaget Leif Amundsen åpna årsmøtet og ynskte medlemmane velkomne. Det var i år 17. årsmøte i SFBL, som var stifta i 1990.
Sak nr. 2. Val av dirigent:
Arne Hauge vart vald som dirigent. Leif Otto Olsen og Per Otto Selstad vart valde til å skrive under protokollen. Runar Kleppe var referent.
Sak nr. 3 Årsmelding:
Leiar Leif Amundsen gjekk gjennom årsmeldinga.
Det var ikkje merknader til til årsmeldinga.
Sak nr. 4. Rekneskap:
Kasserar Jarle Dragesæt la fram rekneskap for året 2006. Rekneskapet viste ein balanse på kr. 179.008,- , som ga eit underkot på kr. 7.872,-.
Jarle la og fram budsjett for år 2007. Balanse er på kr. 248.000,- og det er rekna med eit underskot på kr. 12.000,-
Rekneskapet og budsjettet vart godkjent
Sak nr. 5. Innkomne saker:
I § 15 i vedtektene for Sogn og Fjordane Brannbefalslag heiter det:
”Saker som medlemmane vil handsame på årsmøtet må sendast styret innan 1. januar.
Forslag til endring i vedtektene frå Per Grov:
”Saker som medlemmane vil ha handsama på årsmøtet skal vere styret i hende seinast 1 månad før årsmøtet.”
Vedtak:
Styret vedtek å endre laget sine vedtekter til:
”Saker som medlemmane vil ha handsama på årsmøtet skal vere styret i hende seinast 1 månad før årsmøtet”
Sak nr. 6. Val:
Håkon Dyrstad la fram valnemnda sitt forslag til styre. Jarle Drageset og Per Grov har takka nei til attval.
Valnemnda sitt framlegg:
Leiar -Leif Amundsen – Florø - til år 2009
Nestleiar - Bernhard Øberg – Førde - til år 2008
Kasserar - Agnar Kveane – Luster - til år 2009
Sekretær - Runar Kleppe – Gloppen - til år 2009
Styremedlem - Arvid Gilje – Aurland - til år 2008
Varamedlem - Geir Helge Albrek – Høyanger - til år 2008
Varamedlem - Magne Igland – Florø - til år 2008
Medlemmane i styret vert valt for 2 år om gangen for å få kontiunitet i styret. Varamedlemmane vert valt for 1 år om gangen.
Val:
Årsmøtet godkjenner valnenda sitt forslag til styre.
Valnemnd:
Leif Otto Olsen - Førde
Håkon Dyrstad - Bremanger
Einar Holmøy - Gloppen
Vedtak:
Valnemnda vert gjvald for 1. år . Styret utarbeider utarbeider retningslinjer for val av valnemnd til neste årsmøte.
Revisor:
Valnemda gått inn for Åge Skrede som ny revisor, då Agnar Kveane er vald som kasserar.
Framlegg til av revisorar:
Åge Skrede - Balestrand
Einar Nedrelo - Sogndal
Årsmøte godkjenner revisorar.
Leif Otto Olsen Per Otto Selstad
sign. sign. |