PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato:
27.09.07
Stad:
Skei Hotell
Desse møtte:
Leif Amundsen, Bernhard Øberg , Agnar Kveane, Runar Kleppe, Arvid Gilje
Magne Igland og Geir Alrek kunne ikkje møte
Sak nr. 16/07 Utrykning til tunellar.
Saka vart drøfta. På siste møte vart det bestemt at laget skulle skrive ei utgreiing og be om eit møte med Vegvesenet. Det er mange forhold i denne saka og kanskje prinsipielle spørsmål som vert gjengs for heile landet. Styret meiner derfor at dette bør sendast vidare til Norsk Brannbefals Forbund.
Vedtak:
- Bernhard og Runar lagar ei utgreiing om saka og sender denne over til NBLF.
Sak nr. 17/07 Auke av medlemskontigenten:
Medlemskontigenten har til no vore kr. 300,- pr. medlem. Kr. 150,- av desse vert sendt vidare til vårt forbund. NBLF har no vedteke å auke kontigenten frå lokallaga til kr. 200,-. Dette var oppe som sak på siste generalforsamling. Endringa skal gjelde frå 2009. Med hensyn til aktiviteten i laget vil derfor styret i SFBL gå inn for at det vert lagt fram forslag på neste årsmøte om å auke kontigenten til kr. 400,-
Vedtak:
Sak nr. 18/07 The Tall Ships` Races:
¨ I forbindelse med at Måløy skal vere hovudhavn for The Tall Ships`Races i 2008, skal det arrangerast ein stafett rundt om i fylket. Redningsskøyta kjem til å følgje stafetten og å ta for seg sikkerhet sjø og sjøvettreglar. Det er då eit ynskje, frå arrangementkomiteen, at brann, politi og røde kors har stend den dagen stafetten er inn om. SFBL er derfor bedne om å bidra på dette opplegget.
¨ Stafetten startar i Årdalstangen 14. juli og endar i Måløy 1. august. Styret drøfta saka. SFBL har ikkje mynde til å pålegge dei enkelte brannvesena å delta i opplegget, men vi kan informere og oppfordre til at dei enkelte brannvesen stiller opp.
Vedtak:
Bernhard Øberg sender brev rundt til brannsjefane i dei kommunane dette gjeld, der det vert informert og oppfordra til opplegget.
Sak nr. 19/07 Økonomi:
Kasserar Agnar Kveane informerte om økonomien. Beholdning pr. i dag er kr. 116.000,- mot kr. 179.000,- pr. 01.01.2007. Skilnaden skuldast i hovudsak kostnader med generalforsamlinga i NBLF.
Det er kome melding frå rådet for vedlikehald av sløkkjeutstyr at for å behalde godkjenninga som kursarrangør må kursleiar på oppdateringskurs for slangakontroll.
Vedtak:
¨ Håkon og Runar drøftar om ein kan auke med brannverleiarkurs. Kanskje kan Arvid halde kurs i Indre Sogn.
¨ Leif tar kontakt med Leif Otto når det gjeld oppdateringskurs. SFBL må kun vere teknisk arrangør for rødt og grønt kurs.
¨ Arvid og Runar utarbeider forslag til temakurs i januar/februar 2008.
I etterkant av styremøtet har leiaren vore i kontakt med Leif Otto, og vart samde om å gjennomføre rødt/grønt kurs hausten 2007. Leiaren innhenta samtykke til dette, frå nestleiar og sekretær (arbeidsutvalet).
Sak nr. 20/07 Øvingsutval:
Magne Igland ønskjer brev om støtte til opplegget med eit øvingsutval i Sogn og Fjordane.
Magne var forhindra for å møte. Saka vert derfor utsett til neste møte.
Vedtak:
Saka vert utsett.
Sak nr. 21/07 Øvingshengar:
Opplegget med øvingshengaren frå Gjensidige startar opp i veke 36.
Skumapparata er begynt å verte dårlege. Skumforbruket er stort. Køyreplan er oppsett. Kommunane er lite flinke til å sette dette opplegget inn i skuleplanen.
Legg ved køyreruta for hengaren. Kvart styremedlem bør oppmode sine naboar om å gjennomføre undervisninga for 6. klasse/skuleprosjektet.
Vedtak:
Bernhard tek kontakt med Frøyland i Gjensidige om eventuellt nye apparat til hengaren.
Sak nr. 22/07 Årsmøte:
Årsmøte skal i år haldast i Nordfjord Leiaren har henta inn tibud frå både Gloppen Hotell på Sandane og Nordfjord Hotell på Nordfjordeid.
Vedtak:
Styret arbeider ut frå at årsmøte i SFBL vert halde på Gloppen Hotell 3.-5. april 2008.
Sak nr. 23/07 Reiserekning frå Arvid:
Saka vart utsett på siste møte. Rekninga strekkjer seg tilbake til 2004 og fram til 2007. Del av rekning for 2007 er utbetalt. På grunn av storleiken på rekninga (ca. kr. 35.000,-), vil styret legge fram rekninga for årsmøte til godkjenning, då dette har innverknad på allereie godkjente rekneskap. Styret vil i saka rå til (ynskjer vidare) å trekke frå diett og dei 2 første rekningane i 2004, og vil tilrå overfor årsmøte at dei godkjenner ei utbetaling på kr. 30.000,-
Vedtak:
Styret legg fram for årsmøtet sak om dekking av reiserekningar på kr. 30.000,-
Runar Kleppe
Sekretær
-sign- |