PROTOKOLL FOR ÅRSMØTE.
Årsmøtet vart i år halde på Sognefjord Hotell den 08.05.09. Det møtte 18 medlemmar. I samband med årsmøte vart halde seminar med hovudtema brann i eldrebustader og funksjonshemming i forhold til brann.
Sak nr. 1. Åpning:
Leiaren i brannbefalslaget Leif Amundsen åpna årsmøtet og ynskte medlemmane velkomne. Det var i år 19. årsmøte i SFBL, som var stifta i 1990.
Sak nr. 2. Val av dirigent:
Bernhard Øberg vart vald som dirigent. Per Otto Selstad og Bjørn Anders Steinsund vart valde til å skrive under protokollen. Runar Kleppe var referent.
Sak nr. 3 Årsmelding:
Leiar Leif Amundsen gjekk gjennom årsmeldinga.
Det var ikkje merknader til årsmeldinga.
Sak nr. 4. Rekneskap:
Kasserar Agnar Kveane la fram rekneskap for året 2008. Rekneskapet viste ein balanse på kr. 161 279,- , som ga eit overkot på nær kr. 21 000,-.
Summen på kr.22 500,- er eit tilskot frå Gjensidige til vedlikehald og kjøp av nye øvingsapparat til øvingshengaren. Revisor hadde ein merknad til at styret måtte vere merksam på at kurset laget arrangerte i kontroll og vedlikehald av sløkkjeutstyr gjekk i underskot. Utan om dette var det ikkje merknad frå revisor.
Vedtak:
Rekneskapet vart godkjent
Sak nr, 5. Reiserekning:
Handsaming i 2008:
Styret mottok reiserekning frå eit styremedlem på kr. 35.000,-. Denne strekker seg tilbake til 2004 og er i hovudsak for reiser i regi av brannbefalslaget. Styret vurderte dette som ei vanskeleg sak, då det har innvirkning på tidlegare rekneskap, som er godkjende, og beslutta derfor å legge dette fram for årsmøtet. Styret har i sak 23/07 vedteke å legge fram saka for årsmøte med ei tilråding på å dekke kr. 30.000,-. På grunn av seinare innspel i saka drøfta styret saka igjen på møtet den 4/4-07 og kom til at ei alternativ innstilling kunne vere eit kompromiss om å dekke kr, 16.000,-. Arvid Gilje gjekk frå som ugild. Årsmøtet drøfta saka og valde å stemme over eit forslag om å dekke kr. 16.000,-.
Årsmøtet vedtok i 2008 å ikkje dekke noko av denne rekninga.
Ny handsaming: Det er bedt om ny handsaming av saka.
Styret handsama saka på ny 7/7-09, og konkluderte med at det ikkje vesentlege nye moment i saka, men at den vert å legge fram for årsmøtet på ny, med same tilråding. Det vart orientert om saka på årsmøtet. Det kom forslag frå salen om å dekke 50% av kravet.
Vedtak:
Det vart stemt over forslaget om å dekke 50 %. Dette fekk 4 stemmer. Forrige årsmøtevedtak om å ikkje dekke denne rekninga vert dermed ståande.
Sak nr. 6 . Budsjett
Det var lagt fram budsjett for 2009 som viste ei inntektside på kr. 85 000,- og ei utgiftside på kr. 105 000,-. Styret la fram dette budsjettet utan at det var rekna med inntekter frå kurs eller fagdagar som kunne gje inntekt. Det kom fram under drøftinga at det var behov både for brannvernleiarkurs og fagdag. Dette må styret arbeide vidare med. I styret sitt framlegg heiter det at styret skal ha fokus på å gjere underskotet minst mogleg.
Vedtak:
Årsmøtet godkjenner budsjettet.
Sak nr. 7 Innkomne saker:
Det var ikkje kome saker for handsaming.
Sak nr. 8. Val:
Det var 2 styremedlemmer som har bedt om avløysing i styret. Dette var leiar Leif Amundsen og sekretær Runar Kleppe.
Håkon Dyrstad la fram valnemnda sitt forslag til styre.
Valnemnda sitt framlegg:
Leiar Bernhard Øberg Førde til år 2010
Nestleiar Magne Igland Florø til år 2011
Kasserar Agnar Kveane Luster til år 2011
Sekretær Bjørn Anders Steinsund Jølster til år 2011
Styremedlem Arvid Gilje Aurland til år 2010
Varamedlem Inge Steinhaug Øvre Årdal til år 2010
Varamedlem Kim Hjelle Vågsøy til år 2010
Medlemmane i styret vert valt for 2 år om gangen for å få kontiunitet i styret. Varamedlemmane vert valt for 1 år om gangen.
Val:
Årsmøtet godkjenner valnemnda sitt forslag til styre.
Valnemnd:
Styret oppnemner ny valnemnd.
Revisor:
Åge Skrede Balestrand
Einar Nedrelo Sogndal
Årsmøte godkjenner revisorar.
Per Otto Selstad Bjørn Anders Steinsund
sign. sign. |