Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
  Livsviktig
  Brannsikker bolig
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

VIS MØTEREFERAT

Kretslag: Sogn og Fjordane
Sted: Skei Hotell
Dato: 29.01.2004
 

Desse møtte: Leif Amundsen, Håkon Dyrstad, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Arne Hauge og Edvin Bøtun.

Arvid Gilje melde avbud.

Sak nr. 1 Temadag.
Statens vegvesen har sakt opp varslingsavtala om tunellane som dei har med alarmsentralen. Alarmsentralen har utfordra SFBL til å arrangere ein temadag om tunellar. Det er då aktuelt å ta med tema mobilt innsats-samband i tunellar, som det har vore eit prosjekt på i samarbeid med vegvesenet, og korleis legg vi lista for tilsyn i tunellar.
Vedtak: Styret kom til at å arrangere ein temadag så nær årsmøte, ville det vere vanskeleg å samle nok folk til begge fagseminara. Styret vil derfor innarbeide tema om mobilt innsatssamband i tunellar, og tilsyn i tunell, i fagseminar i samband med årsmøte.

Når det gjeld varslingsavtala om tunellar som vegvesenet har med alarmsentralen meiner styret at SFBL ikkje er rette fora. Styret oppfordrar derfor alarmsentralen til ta kontakt med vegvesenet for evt. reforhandling av avtalen.

Sak nr. 2 Årsmøte 2004.
Årsmøte skal haldast på Rica Sunnfjord Hotell i Førde 26. – 28. mars 2004. Programmet vart justert. Det vart i tillegg drøfta om laget burde ta seminaravgift for fagseminaret.
Vedtak: Det må lagast deltakarliste for utdeling. Det vert bestemt å innkreve ei seminaravgift på kr. 500,- for 2 dagar og kr. 300,- for 1 dag i samband med fagseminar på årsmøte.

Sak nr. 3 Møteplan.
Arvid Gilje har lagt fram ynskje om at det vert oppsett ein fast møteplan for styret framover.
Vedtak: Møte vert å planlegge når det er nok saker til handsaming slik det har vore gjort tidlegare. Vi prøver å tidfeste best mogleg neste styremøte som siste sak på kvart møte.

Sak nr.4 Ymse.
Kasseraren orienterte om rekneskapen for 2003, som viste eit underskot på kr. 44.000,-. Det skuldast i hovudsak deltaking på generalforsamling i NBLF der laget kunne stille med 8 delegatar. Slik generalforsamling vert arrangert kvart 2. år.

 
Tilbake til forrige side

 



Webredaktør: Marianne Juul

 

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann