STAD : ØLEN DATO : 12.05.04 KL : CA 09.30
Desse møtte: Rolf B Sandslett, Svein Myklebust, Oddvar Krakk, Inge Grødem og Anne Hjort.
Desse hadde meldt forfall:Tore Michelsen og Audun Matre.
Repsentantar frå sørfylke møtte på brannstasjonen i Ølen kl.09.30. Rolf B og Oddvar hadde vore om bord i M/S Maleto og gjordt sjøklart til styremøte. På veg til båten fekk Rolf B telefonbeskjed om Tore Michelsen var gått bort i går. Leiar innformerte om dette før avgang frå Ølen.
Sakliste :
Sak nr. 1-1-2004. Konstituering av styre. Saksopplysningar: Sekreter skaffar navneliste-adresseliste-telefonliste og E-mail adresse til alle i styret. Vedtak: Skal foreligge på eget ark.
Sak nr.2-1-2004. Referater. Saksopplysingar: Årsmøte blei avikla for seint p.g.a. begravelse til Arne S Klungeland. Styremøte 13.02.04 leiar gjekk gjennom møtereferat med endringar.Årsmøte 21.04.04.Møtereferatet vart gjennomgått, grunna dødsfall vert det berre leiar som skriv under årsmøteprotokoll. Medlemsmøte 21.04.04. ingen merknader. Vedtak: Inge tar kontakt med Øyvind for å få lagt ut på nett møtereferat frå møte 13.02.04.
Sak nr.3-1-2004. Møteplan/Årsplan. Saksopplysningar: Forslag til medlemsmøter:veke 24. Veke 39-40. veke 48-49 alle 2004 og veke 6-7 2005. Styremøte: 26.8.04.-21.10.04.-16.12.04.og 24.02.05. Årsmøte veke : 13-14 2005. Vedtak: Styre må så langt det let seg gjera å følja denne møteplan.
Sak.nr.4-1-2004. Medlemsmøte. Saksopplysingar: Veke 24.8.juni Eivind Rake, skadestedsledelse, Stavanger-Sandnes.Veke 39-40 LUX brannsystemer nye produkter/Rote Hahn. Veke 48-49 fysisk test (helsekrav for brann og kjemikailedykking) Ellers kan tema til medlemsmøte vera samarbeid DSB og sivilforsvaret (risikoplanlegging) og kurs i sprinkling Vedtak: Til møte veke 24 er Anne ansvarleg. Frist for program er 25.mai til sekreter på E-mail.Rolf B er ansvarleg for medlemsmøte veke 39-40. Ansvarleg for medlemsmøte veke 48-49 er Rolf B og Svein.
Sak nr.5-1-2004. Kalender – “saker på vent”. Sak 3 møte 13.02.04. Saksopplysningar: Sjå ref frå møte 13.02.04. Eg er av den oppfatning at me bør bestreba oss på å få vedtak i alle saker som er oppe til behandling. D.v.s. at det er sekreteren sitt ansvar å få sakene opp på neste møte, ut frå det vedtak som er fatta. Vedtak: Leiar og sekreter tilegges at saklista er oppdatert etter tidelegare vedtak.
Sak nr.6-1-2004. Stipend utdeling – søknadsfrist – Info til medlemmene sak 6, 13.02.04. Saksopplysningar: Sjå ref frå møte 13.02.04. Dette er ei sak som skulle vore tatt opp på årsmåte. Det nye styre må få eit vedtak i denne sak. Frist for stipendsøknad før 15.aug.04. Vedtak: Leiar og sekreter sender ut innformasjon, og på styremøte 26.aug.04 behandles søknader og stipend tildeles.
Sak nr.7-1-2004. Elevorganisasjon som medlem i laget.sak 7 møte 13.02.04. Saksopplysningar: I NBLF`s reglement stå det: Kretstyre kan foreslå andre personar som medlemmer. Styre kan også foreslå bedrifter eller instiusjoner som støttemedlemmer.Støttemedlemmer har ikkje stemmerett. Vedtak om slike medlemskap fattes av forbundstyret. Vedtak: Leiar tar kontakt med organisasjonen “brannsikkerhet” (OBS) HSH. Styret i RBL anbefaler at OBS blir støttemedlem uten stemmerett. Saka oversendes forbundstyret for godkjenning.
Sak nr.8-1-2004. Jubileumsbok (distribusjon og kostnader) Saksopplysingar: Viser til E-mail mellom Tore Michelsen og Svein Arne Jerstad. Dette er og ei sak som burde vore med på årsmåte. Viser til vedtak frå generalforsamlinga i Ålesund 2003. Vedtak: Boka må betalast (sannsynlegvis gjordt?) distribusjon går via medlemmene.
Sak nr.9-1-2004. Eventuelt. Saksgang innternt i styre. Saksopplysingar: Påminnelse eller innkalling sendes av leiar. Sekreter mottar endringar frå alle i styret og sender ut endeleg saksliste til styremøte 2-4-dagar før møte. Vedtak: Til medlemsmøter sender sekreter ut innvitasjon i samarbeid med leiar og møteansvarleg.
Oddvar Krakk sekreter |