Møtedato: Torsdag 16.09.2004
Stad: Skei Hotell.
Desse møtte: Leif Amundsen, Håkon Dyrstad, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Bernhard Øberg, Magne Igland.
Per Grov, Arvid Gilje og Arne Hauge kunne ikkje møte.
Sak nr. 1 Kurs: Leif Otto har teke kontakt med Jarle om at rådet for service og vedlikehald av slokkeutstyr skulle arrangere oppdateringskurs for kurshaldarar. Leif Otto og Søvde har drifta desse kursa i Sogn og Fjordane. Det er litt uklart om begge treng dette kurset.
Vedtak: SFBL betaler kostnader med reise og opphald på rimlegaste måte for kurset. Jarle tek kontakt med Leif Otto og avklarar om begge instruktørane treng kurset og kva dette vil koste. Jarle får fullmakt til å godkjenne kostnadane.
Sak nr. 2 Generalforsamling 2005. Håkon har drøfta tema med forbundsstyret. Aktuelle tema er: · Akutt forureining · Kommunal kriseberedskap · ROS-analyse
Det er og drøfta at SFBL ynskjer at det i programmet rundt generalforsamlinga vert lagt vekt på utstillarane og det sosiale, og at det derfor ikkje vert for mange tema.
Håkon har lufta tanken med Trygve Lennavik i Møre- og Romsdal om eit møte om erfaringar dei hadde med sitt arrangement i 2003.
Vedtak: · I det vidare arbeidet med programmet går styret inn for ein seminardel på fredag frå 10.00 til 16.00. Laurdag frå 09.00 til 13.00, og generalforsamling frå kl. 14.00 til 16.00. · Val til generalforsamling vert drøfta på neste styremøte. · Formann, kasserar og sekretær reiser til Møre og Romsdal og haustar erfaringar frå forrige generalforsamling.
Sak nr. 3 Møte med forbundsstyret: Forbundsstyret har planlagt neste styremøte i Sogn og Fjordane 11. – 12. oktober. Møte vil omhandle mellom anna tema og rammer rundt generalforsamlinga som skal haldast i 2005.
Vedtak: · Møtet må haldast i Florø. · SFBL må då kunne legge fram eit forslag til program på dette møtet. · SFBL vil halde styremøte om kvelden den 11. oktober
Nytt styremøte vert i Florø 11. oktober
Møtet slutt |