Møtedato: 26.04.2004
Stad: Skei Hotell.
Desse møtte: Leif Amundsen, Arvid Gilje, Håkon Dyrstad, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe, Bjørn Anders Steinsund, Leif Otto Olsen.
Per Grov, Arne Hauge, Magne Igland, Bernhard Øberg kunne ikkje møte.
Sak nr. 1 Orientering Frå Landsstyret. Håkon orienterte om saker som landsrådet arbeider med. : • Felles nødnummer, nytt opplegg for bafalskurs 3, deltidsreforma, samarbeid med Gjensidige, brannvesenet sin medverknad i byggesaker.
Håkon og Leif skal på landsrådsmøte som skal haldast 1. og 2. desember i Oslo.
Vedtak: Sekretæren lagar ei oversikt over laget sin aktivitet i 2004. Leiaren skal informere om dette på landsrådsmøte.
Sak nr. 2 Generalforsamling 2005. • Vi må no sette tidsfristar for arbeidet framover. • Håkon orienterte om ledsagarprogrammet, som i store trekk er klart. • Har teke utgangspunkt i 150 stk. til festmiddag i Kalvåg. Maks er ca. 170 stk. • Leif Amundsen har forhandla fram nye prisar med hotellet.
Vedtak: • Grovbudsjett bør vere klart 1. veka i januar. • Innbyding med påmelding bør sendast ut 30 januar. • Det må vere ein person som har ansvaret for å ta mot utstillarane. • Gruppa som tidlegare vart nedsett for å ta seg av programmet må arbeide vidare med dette. Dei har og ansvaret for det som ligg i foldaren som kvar enkelt får utlevert. • Sekretær og leiar utformar foresrørsel til SFE om dei ynskjer å vere hovudsponsor for arrangementet. • Jarle og Leif Otto ser på prisar og innbyding.
Neste styremøte 12. januar kl 10.00 på Sunnfjord Hotell. |