PROTOKOLL FOR STYREMØTE I SOGN OG FJORDANE BRANNBEFALSLAG
Møtedato: 12.01.2005
Stad: Rica Sunnfjord Hotell, Førde.
Desse møtte: Leif Amundsen, Håkon Dyrstad, Jarle Dragesæt, Runar Kleppe og Bjørn Anders Steinsund
Arvid Gilje kunne ikkje møte på grunn av anna møte.
Sak nr. 1/05 Generalforsamling 2005. Håkon orienterte om ledsagarprogrammet. Dette startar kl. 10.00 på fredag den 22., med orientering. Sidan vert det rundtur med guid som orienterer både historisk og geografisk. Programmet er sett opp i samarbeid reiselivslaget ”Vestkysten”. Det vert satsa på å leige ”Atløy” til Svanøya, hovudgarden og hjortefarmen. Lunch om bord og det vert her spandert eit glas vin eller øl. Laurdag vert det eit meir fleksibelt opplegg med diverse tilbod i Florø. Ledsagerprogrammet vert avslutta med lunch på Viktoria Hotell. Fellesturen til ”Knuteholmen” i Kalvåg er planlagt med avreise frå Florø er sett til kl. 19.00. Det er skaffa båtar til transport. Underhaldning vert ca 20 min.
Runar må ordne med å legge inn informasjon og program på nettsida til NBLF. Runar sender søknad til Kystverket om å få nytte Svein Kjellsen under seminardelen. Det bør skrivast ein artikkel i bladet ”Brannmannen” om arrangementet i Florø. Bør og sendast til bladet ”Sikkerhet”. Informasjon og oppmoding til påmelding til seminardelen bør og utsendast til ordførarar og rådmenn i fylket.
Jarle gjekk gjennom prisar som han hadde utarbeidd. Husleige av samfunnshus er ikkje medteke.
Vedtak: · Håkon har sakt frå seg attval i styre i NBLF. Forslag til nytt medlem vert drøfta på neste styremøte. · Ledsagerprogram må utdelast til alle. Påmeldingsfrist og betalingsfrist vert sett til 23.03.2005. · Håkon set opp liste til Leif over blomster som skal bestillast. · Leif og Håkon skaffar tilbod på antrekk til styret. · Leif ber om tilbod på namnelappar.
Neste styremøte 3. februar kl 10.00 på Sunnfjord Hotell.
Runar Kleppe Sekretær -sign- |