Eg er brannmann med over 30 års røynsle og har vore med på det meste. Eg har også følgd med på utviklinga i regelverket for oppføring av ymse bygg.
Denne saka gjeld ein svær brann i eit nytt fellesfjøs i Skånevik fredag 04.06.10
Bygget var ca 2 år gamalt. Oppføringskostnader var over 10 mill. Inne var rundt 150 storfe i lausdrift. Arnestad er etter gransking fastslått til automasjonsanlegg (melkeanlegg) Det som skjedde var at høg temperatur opp til taket medførte at isolasjon mellom utvendig og innvendig plater av metall, byrja å smelte og dryppa ned på dyra. Mange fekk skader av dette og ein del måtte bøte med livet. Ca 25 storfe. Isolasjonen er isopor i vegger og tak. Det ser ut for at det er ein slags sandwich konstruksjon. Etter ei tid oppe i taket oppstod flammar og isoporen brann livleg og utvikla mykje røyk og giftig gass. Vanskeleg å slokke var det også. Eit frykteleg materiale ved brann.
Kan ikkje reglane forby bruk av slike manterialer, så må nokon prøve å revidere dei om mogeleg. Rockwool som isolasjon er utvilsomt å føretrekke, etter mi meining
Saka har vore førelagt Statens Bygningstekniske etat og det er kome tilbakemelding om regelverket for bruk av ymse typer isolasjon i bygninger osv.
Eg meiner det må vere ein "missing link" ein stad, når eg ser det vert oppført bygninger med brannfarleg isolasjon, som aller helst skulle hatt ubrennbar isolasjon. Forvaltinga av regelverket kan etter mi meining bli meir optimal enn det vi ser i dag og eg må sei eg er bekymra for framtida.
Det er maktpåliggande for meg å få sei at "dei som har noko med det" bør ta eit tak her og rydde opp.