Osterøy kommune satsar på gode medarbeidarar.
Vil du vera med på laget i Bergen sin nære nabokommune?
BRANNSJEF
Brannvernet har 5 brannstasjoner, og 36 deltidstilsette mannskap. Fast tilsett feiar og plan om tilsetjing av branningeniør inngår i det førebyggjande arbeidet. Brannvernet inngår i kommunen si avdeling for teknisk drift.
Viktigste arbeidsoppgåver vil være:
- Leiar for brannvernet
- Administrativ leiar for kommunal beredskap og kriseleiing
- Risikokartlegging og konsekvensutgreiing i samband med ny brannordning
Ønskte kvalifikasjoner:
- Kompetanse i hht forskrift, beredskapsutdanning trinn III og yrkesutdanning i førebyggjande brannvern
- Erfaring fra beredskapsarbeid og kompetansebevis frå utrykningskjøretøy
Brannsjefen må bu i kommunen og stillinga inngår i vaktordning, andre løysingar kan vurderast. Kommunen tilbyr deltaking på naudsynte kurs dersom du manglar noko i høve til forskriftene.
Nærare opplysningar ved bedriftsrådgjevar Rune M. Bruket, tlf. 55 11 71 30 / 971 38423, eller leiar for teknisk drift Roald Hovden, tlf. 56 19 21 00. Søknad skal sendast elektronisk innan 3. november via www.garuda.no under ”ledige stillinger for våre oppdragsgivere”. Om Osterøy sjå www.osteroy.kommune.no |