Alarmsentralen Sogn og Fjordane er eit interkommunalt selskap som er eigd av kommunane i Sogn og Fjordane. Hovudarbeidsoppgåva er mottak av brannmeldingar via naudnummer 110. I tillegg til dette har sentralen mottak av tryggleiksalarmar – automatiske brann og innbrotsalarmar samt andre tekniske alarmar. Vaktstyrken utgjere 10 årsverk + 1 årsverk på dagtid som leiar. Stillinga som er ledig vil gå inn som ein del av turnus.
Alarmsentralen Sogn og Fjordane har ledig 100% stilling som
Operatør 110
Krav til stillinga :
Krav til utdanning :
· Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har utarbeidt krav til stillinga i dimensjoneringsforskriftene § 7-5.
· Godkjent legeattest i samsvar med den utdanning ein har eller skal gjennomføre ved Norges brannskole i henhold til krav frå DSB.
Interesserte med minimum dokumentert brannkonstabel utdanning kan og søke. Men må då forplikte seg til å gjennomføre naudsynt opplæring for å imøtekomme DSB sine krav.
Personlege krav :
· Vaksen ansvarsbevist sjølvstendig person
· Må takle oppgåver i ein travel og utfordrande kvardag.
· God munnleg framstillingsevne. Må beherske engelsk.
· Datakyndig
· Ein må stette krav til politiattest.
Vilkår :
Info. får ein ved å ta kontakt med dagleg leiar Terje Brandsøy på telefon 57751400 på dagtid.
Søknadsfrist : 23.11.2007
Oppstart for stillinga vil vere snarast.
Søknad med attestar og vitnemål sendes Dagleg leiar Alarmsentralen Sogn og Fjordane Markegata 42/44 6900 FLORØ. |