Feiarar
Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføring av lovpålagde brannførebyggande oppgåver i kommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo.
Samarbeidet er etablert som eit interkommunalt selskap (IKS) frå 1.1.2009 og tek frå same tid over ansvaret for feiing.
Dei som har jobba som feiarar i kommunane har fått tilbod om å gå over i selskapet, men for å tilsatt i alle stillingane lyses det nå ut inntil 6, 100% feiarstillingar.
Feiarane skal ha utgangspunkt i Høydalsmo, men for tilsette som bur andre stader vil ein legge til rette for ein fleksibel oppmøtestad.
Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader og førebyggjande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde.
Krav til stillinga:
Fagbrev som feiar
Sjølvstendig og påliteleg
Gode samarbeidsevner
God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskapar innan data
Førarkort i klasse B
God helse og fysikk
Med atterhald om at selskapet vil få den naudsynte kompetanse er det anledning for ufaglærte som er interessert i å inngå lærlingkontrakt om å søkje stillinga.
Løn etter avtale. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskott i KLP. Den som tilsettast må framlegge helse og politiattest av nyare dato.
Det takast atterhald om endringar i stillingas arbeids- og ansvarsområde om fylgje av framtidige organisasjonsendringar.
Søknad med CV skal sendast Vest-Telemark brannvesen ved brannsjef Tore Metveit, 3891 Høydalsmo [email protected] innan 6. februar 2009. Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit, 970 16 957 eller styremedlem Hans Kristian Lehmann, 970 53 367 |