
Ørsta kommune ligg på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke, ca. 1 times køyretid frå Ålesund. Kommunen har 10 300 innbyggjarar. Ørsta er ei tradisjonsrik industrikommune med eit allsidig næringsliv. Kommunen har eit rikt tilbod av fritidsaktivitetar. Ørsta er, saman med Volda kommune, ein sentral region på Søre Sunnmøre med godt utbygd infrastruktur, m.a. flyplass, sjukehus, høgskule og vidaregåande skular.
Ved brann- og feieavdelinga er det ledig stilling som:
BRANNINGENIØR i 100 % stilling
Arbeidsoppgåvene omfattar brannførebyggjande- og beredskapsarbeid.
Sjå fullstendig utlysing på vår heimeside www.orsta.kommune.no, eller kontakt avdelingssjef Even Hovde for fullstendig utlysing og nærare opplysningar om stillinga på telefon 700 49 760.
Søknad med CV, rettkjende vitnemål og attestar sendast til :
Ørsta kommune, teknisk sektor, Dalevegen 6, 6150 Ørsta
Søknadsfrist: 29.08.2003