Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har p.t. 8 tilsette på heiltid og ca 110 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med ca 240 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca 7 250 fyringsanlegg.
I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. brannlova er også delar av eigarkommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet.
Ynskjer du å bidra til at Sogn blir ein tryggare stad å bu har vi ledig 100% fast stilling som
FØREBYGGANDE PERSONELL (Branninspektør) (2. gongs utlysing)
Sentrale arbeidsoppgåve;
- Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder.
- Gjennomføring av byggjetilsyn etter plan- og bygningslova
- Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/rettleiar for eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhald.
- Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggjande brannvern.
- Det er moglegheit for deltaking i beredskapen avhengig av kvalifikasjonar og bustad.
Ynskjelege kvalifikasjonar;
- Førebyggjande personell skal ha gjennomført yrkesutdanning i førebyggjande brannvern (førebyggande kurs ved Norges Brannskole) og ha førarkort minimum kl B.
Det er aktuelt å tilsetje søkjar som ikkje tilfredstillar dei formelle kvalifikasjonskrava, men då må vedkommande gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetjing.
Er du interessert, men er i tvil om du har ein bakgrunn som kan vere aktuell, så ta kontakt.
Aktuell bakgrunn for å søkje;
- Primært søkjer vi etter ingeniør eller person med teknisk fagskole innan eit relevant fagområde, men det kan også vera aktuelt å tilsetje ein person med bakgrunn som til dømes.;
- Fagbrev og praksis innanfor eit relevant fagområde.
- Annan relevant formell kompetanse og praksis.
Utover formell utdanning og relevant praksis vil det bli lagt vekt på;
- Erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
- Personlig skikka, engasjert og interessert.
- Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig.
- Vera fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.
Du vil bli utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjonsmessig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ei lita eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset ilag.
Vi tilbyr;
- Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og ei god pensjonsordning.
Informasjon;
Søknad på stillingane skjer gjennom å nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på www.sogndal.kommune.no.
Søknadsfrist 20. januar 2012 |