Sogn brann og redning IKS er eit nyoppretta interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Pr. 01.08.2012 har selskapet 9 tilsette på heiltid og ca. 110 deltidstilsette fordelt på 9 brannstasjonar/ depot. Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 240 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca. 7 250 fyringsanlegg.
I tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. brannlova er det også bestemt å leggja deler av kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova til selskapet.
I samband med tilsetting av ny brannsjef i IKSet der ein av våre branninspektørar fekk stillinga, vert denne stillinga no lyst ut.
Brann-/bygningsingeniør ev. branninspektør
Sentrale arbeidsoppgåver
Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder. Gjennomføring av byggjetilsyn i hht. plan- og bygningslova. Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/vegleiar ovanfor eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhold. Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern. Det kan verte aktuelt med deltaking i overordna vakt, utrykkingsleiar eller som brannkonstabel deltid avhengig av kvalifikasjonar og bustad.
Ynskjelege kvalifikasjonar
Det er ein fordel dersom ein har gjennomført yrkesutdanning i førebyggande brannvern (førebyggande kurs ved Noregs Brannskule), har førarkort minimum kl. B, og ha enten; Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå. Yrkesutdanning for brannkonstabel i heiltidsbrannvesen samt beredskapsutd. trinn I. Fagutdanning som feiersvenn.
Ved ev. tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.
Utover formell utdanning vil det bli lagt vekt på; Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy. Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner. Personlig skikka, engasjert og interessert. Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar. Relevant praksis.
Du vil verte utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjonsmessig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ein liten eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset saman.
Det er ein fordel dersom du kan disponere eigen bil. SBR IKS har i tillegg tenestebilar til bruk ved tilsyn mv.
For søknad
Eige søknadsskjema på Sogndal kommune si heimeside under ledige stillingar /stillingsannonse.
Vi tilbyr
Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et opent og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.
Kontakter
Navn: Johnny Skjerping
-
-
Navn: Kåre Egil Skjerven
Tittel: Leiar førebyggande
Søknadsfrist: 24.08.2012
|