Hjem
  Om NBLF
  English
 
  Anbefalinger
  Kretslag
  Br.befalsnytt
  Møtereferat
  Reisestipend
  Temperaturer
 
  Prosjekter
  Solskinnshist.
  Diskusjoner
  Gjestebok
  Lenker
 
  Bli medlem
  Kontakt oss
 
  Skoleundervisning
  Trygg hjemme
  Livsviktig
  Brannsikker bolig
 
  Nyhetsarkiv
  Stillingsarkiv
 
  FEU
  Ordliste - KBT
  Ordliste - TAF
 

 
 

INGENIØR/BRANNINGENIØR

Arbeidsgiver: Kvinnherad kommune
Søknadsfrist: 20.09.2012
 
Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden.og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad er ein vidstrakt kommune og har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
 

Brannvernet i Kvinnherad kommune ligg under verksemda Tekniske Tenester. Brannvernet er delt i ei førebyggande avdeling og ei beredskaps avdeling fordelt på 8 brannstyrkar.

 

Ingeniør/Branningeniør – 100 % stilling

Kvinnherad Brannvern har ledig stilling som ingeniør/inspektør på førebyggande avdeling.

 

Arbeidsoppgåver:

·        Utføra tilsyn med særskilde brannobjekt.

·        Utføra tilsyn med farleg stoff.

·        Utføra informasjonsarbeid og holdningsskapande arbeid retta mot risikogrupper.

·        Delta i gjennomføring av kurs og øvingar.

·        Utføra andre arbeidsoppgåver relatert brannvern, til dømes prosjektrelaterte kampanjar eller satsingsområdar.

·        Muligheiter for deltaking i beredskapsstyrken.

 
Ynskja kvalifikasjonar:

·        Utdanning som ingeniør (bachelor eller mastergrad) frå høgskule eller universitet, anna relevant utdanning eller særskild utdanning på same nivå, eller utdanning ihht Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-6. Søkjar som ikkje tilfredsstiller kravet fullt ut ved tilsetjing, må forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring.

·        Ha gode samarbeidseigenskapar og serviceinnstilling, kunna visa initiativ og evna å motivera og inspirera i team.

·        Gode datakunnskapar, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

·        Gyldig førarkort klasse B.

·        Framvise gyldig politiattest ved tilbod om tilsetjing.

·        Personleg egna, lojal og sjølvstendig.

 
Andre moment som vil bli vektlagt:

·      Erfaring frå tilsvarande arbeid, erfaring frå HMT, inneha juridisk eller pedagogisk kompetanse.

·      Skikketheit og erfaring.

Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.

 

Kontaktperson: Avdelingsleiar førebyggande Øyvind Ousdal, tlf 53 48 32 82.

 

Send søknad elektronisk via www.kvinnherad.kommune.no innan 20. september 2012.

 

Tilbake til forrige side

 

 



Webredaktør: Marianne Juul

 

 

  ANNONSER
 


Nettsidene er utviklet av
Powel AS, avd. Datamann