Seljord kommune, Vinje kommune, Kviteseid kommune, Nissedal kommune, Fyresdal kommune og Tokke kommune
Førebyggande brannsamarbeid
Vest-Telemark
Kommunane i Vest-Telemark planlegg eit førebyggande brannsamarbeidet. Administrasjonen vert lokalisert i Vest-Telemark Kraftlag sine lokale i Høydalsmo. Vertskommunen Tokke vil ha arbeidsgjevaransvaret for stillingane.
Med atterhald om godkjenning i kvart enkelt kommunestyre, vert det lyst ut fylgjande stillingar i det nyoppretta brannsamarbeidet frå 01.07.2005 slik:
- Brannsjef (id.nr 89)
- Varabrannsjef (id.nr 94)
- Branningeniør (id.nt 95)
Brannsjefen vert tilsett fyrst, og vil så vera med på tilsetjinga av varabrannsjef og branningeniør.
Ansvar og arbeidsoppgåver vil m.a. vera:
Brannsjefen skal leie brannvesenet sine beredskapsavdelingar i samarbeidskommunane. Brannførebyggande avdeling skal vera underlagt brannsjefen. Feiaren skal ligge under brannsjefen sitt fagansvar, men arbeids- og personalansvaret ligg i kvar kommune.
Brannberedskapen vil framleis ligge i den enkelte kommune.
Krav til stillingane:
- Sivilingeniør eller anna relevant høgskuleutdanning, eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå. Minst to års erfaring i brannvesen/brannførebyggande arbeid og befalskurs 3.
- Leiarerfaring
- Økonomisk vurderingsevne
- Evne til samarbeid og evne til nytenking
Løn etter avtale
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Det er 6 månaders prøvetid. Tilfredsstillande legeattest må leggjast fram.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tilsetjingsnemnda v/ rådmann i Vinje Hans Kristian Lehmann tlf. 35 06 23 00 eller rådmann i Fyresdal Vigdis Mariedatter Gulbrandsen tlf. 35 06 71 00.
Søknaden må merkast med stillinga, event. stillingane sine id.nr.
Søknaden med CV og kopi av vitnemål og attestar skal sendast:
Brannsamarbeidet i Vest-Telemark v/ Vinje kommune, 3890 Vinje innan 27. oktober 2004.