Sogn brann og
redning IKS er eit interkommunalt brann og redningsvesen eigd av kommunane Vik,
Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS vart etablert i 2011 og har hovudkontoret
sitt i Sogndal. Selskapet har pt 11 tilsette på heiltid og 100 deltidstilsette
brannkonstablar fordelt på 10 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har
ansvar for tilsyn med ca 250 særskilte
brannobjekt og feiing/tilsyn med ca 7250 fyringsanlegg.
Delar av
eigarkommunane sitt ansvar for byggjetilsyn etter plan- og bygningslova er og
lagt til selskapet ved at det er oppretta ein tilsynsstilling for dette.
Me treng ny
BRANNSJEF.
Me søker ein
engasjert og tydeleg leiar som kan arbeide sjølvstendig med vilje og evne til å
ta ansvar for drift og vidare utvikling av selskapet.
Sentrale
arbeidsoppgåver:
-Dagleg leiaransvar
for selskapet, inkludert personal- og økonomiansvar.
-Rapportere til
selskapet sitt styre og representantskap.
-Vidareutvikle
samarbeidet med eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar.
-Vidareutvikle Sogn
brann og redning IKS som eit framtidsretta regionalt brannvesen i Sogn.
Ynskjelege
kvalifikasjonar:
-Kompetanse i hht.
«Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen» § 7-11 for
brannsjef i kommune eller region med inntil 20 000 innbyggarar.
-Høgare utdanning.
-Relevant erfaring
som leiar.
-Relevant erfaring
frå administrativt arbeid og kjennskap til kommunal organisering og drift.
-Gode eigenskapar
knytt til kommunikasjon og samarbeid.
-Førarkort min. kl B
og kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode 160)
Krav om formell
kompetanse er ikkje absolutt og det vil verta lagt vekt på personlege
eigenskapar.
Brannsjefen inngår i
5-delt overordna vakt (heimevaktordning) og har bæreplikt på mobiltelefon og
personsøkar.
Brannsjefen sin
næraste overordna er styret sin leiar.
Konkurransedyktige
vilkår etter avtale.
For nærare
opplysingar kontakt styreleiar Jarle Skartun tlf 918 66 005 eller [email protected]
Søknad og CV skal
sendast til [email protected] eller til Sogn brann og redning IKS, postboks 153, 6851 Sogndal.
Søknadsfrist 3.juni 2014.
|