Ledig stilling som brannmeister
Volda kommune, brannavdelinga har ledig stilling som brannmeister. Som brannmeister har ein ansvaret for den daglege drifta av beredskapsavdelinga, men må også kunne ta del i andre oppgåver.
Brannvernet har ny hovudstasjon i sentrum med 20 deltidsmannskap og 4-delt vaktordning. I tillegg har vi 3 branndepot på bygdene med 7 mann på kvar stad.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil i hovudsak bli tillagt beredskapsoppgåver, men også forebyggande arbeid som informasjon og kurs/opplæring. Brannmeisteren skal mellom anna syte for drift av brannstasjon, vedlikehald av bilar og utstyr, internkontroll og legge til rette for øvingar og anna opplæring for brannmannskapet. Han/ho skal delta i overordna befalsvakt.
Kvalifikasjonar:
- Teknisk/mekanisk bakgrunn
- Grunnkurs brannkonstabel og beredskapsutdanning trinn 1, 2 og 3 ved Norges brannskule.
- Sertifikat klasse C med tillegg kode 160 (utrykkingskøyring)
- Ha erfaring frå brannvern og/eller anna redningsteneste.
Personlege eigenskapar:
- Kunne bestå helsekrav og fysisk test til røykdykkar.
- Ha plettfri vandel.
- Ha bustad innanfor ei oppmøtetid på 4 minutt frå brannstasjonen i Volda sentrum.
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
- Vere strukturert, ryddig og fleksibel.
- Generelle datakunnskapar.
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk.
Andre forhold:
Det kan vere aktuelt å tilsetje søkjar utan ynskjeleg formell kompetanse, men då må søkjar vere villig til å ta naudsynt utdanning ved Norges brannskule og evt sertifikat klasse C og utrykkingskøyring.
Vi tilbyr:
Ny brannstasjon, godt arbeidsmiljø, fleksibel arbeidstid og løn etter avtale.
Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Brannvern har moderne utstyr og godt kvalifiserte og utdanna brannkonstablar.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Tilsetjinga skjer ihht gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Før tilsetjinga vert det krav om politiattest av nyare dato.
Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Roy Inge Heltne tlf 971 49 658, eller teknisk sjef Rune Totland tlf 994 65 002.
Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet som du finn lenke til på høgresida.
CV må fyllast ut i søknaden. Husk referanse til stillingsID. 676
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med viss du vert innkalla til konferanse.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, bør grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meinar at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.