Sogn
brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik,
Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i
Sogndal. Pr. 15.02.2016 har selskapet 12 tilsette på heiltid og ca. 80
deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar/depot. Førebyggande avdeling har
ansvar for tilsyn med 250 særskilte brannobjekt og feiing/tilsyn med ca. 7 250
fyringsanlegg.
I
tillegg til førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i hht. Brannlova, er det
også lagt deler av kommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og
bygningslova til selskapet, dette tilsvarar ein 100% stilling.
Stillinga
som byggetilsynspersonell vil vere ledig frå 01.mai 2016, så i den samanheng er
vi på jakt etter ein:
BRANN-/BYGNINGSINGENIØR
ev. BRANNINSPEKTØR
Sentrale
arbeidsoppgåver:
Andre oppgåver som
kan vere aktuelle:
-
Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder.
-
Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/vegleiar ovanfor eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhold.
-
Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern.
-
Det kan verte aktuelt med deltaking i overordna vakt, utrykkingsleiar eller som brannkonstabel deltid avhengig av kvalifikasjonar og bustad.
Ynskjelege
kvalifikasjonar:
-
Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning (td.juss/rettsvitenskap) eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå.
-
Det kan vere ein fordel dersom ein har gjennomført yrkesutdanning i førebyggande brannvern, grunnkurs og beredskapsutdanning trinn I ved Noregs Brannskule, og at ein minimum har førarkort kl. B.
-
Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå ma. offentleg sakshandsaming vil og verte vurdert.
Ved
ev. tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må
vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter
tilsetting.
Utover formell
utdanning vil det bli lagt vekt på:
-
Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.
-
Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
-
Personlig skikka, engasjert og interessert.
-
Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar.
-
Relevant praksis.
Du
vil verte utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjons messig
tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ein liten eining som krev at alle
tilsette er fleksible og dreg lasset saman.
Vi tilbyr:
Du
kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i eit opent og
engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det
ypparste av norsk natur som arbeidsområde.
Informasjon:
Nærmare
informasjon om stillingane får du hjå leiar førebyggande Kåre Egil Skjerven
tlf. 90 72 56 78, eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 90 03 72
56..
Søknad
på stillinga skjer gjennom å nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg påwww.sogndal.kommune.no.
Søknadsfrist 20. mars
2016 |